Sunnylven og Stranda med felles fotballfest
Årsfesten for junior og senior i Sunnylven Fotball og Stranda Fotball blir i år felles mellom dei to klubbane. Festen med premiedryss til spelarane blir halde i Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.
Dei to fotballklubbane Sunnylven og Stranda held fram med å utvikle samarbeidet, ikkje berre på fotballbana, men no også i festleg samvær. Ei interessant utvikling som bør helsast med glede.
Det har blitt naturleg at vi har felles årsavslutning for dei to klubbane på seniornivå då samarbeidet med felles damelag har halde fram, og utvikla seg vidare gjennom eit felles seniorlag for herrer denne sesongen. Det seier Steinar Hjelle, tidlegare leiar i Sunnylven Fotball.
Han opplyser at avslutningsfesten for Stranda junior, Sunnylven/Stranda damer, Stranda A herrer og Sunnylven/Stranda 2 blir på Peer Gynt Galleriet laurdag 9. november.
Festen blir for alle spelarar, trenarar og tillitsvalde for dei fire laga. Det vil bli delt ut utmerkingar frå begge klubbar til årets spelarar, toppskårarar, treningsprisar, publikumsprisar og truleg enno fleire.
Etter middag og utdelingar er det lagt opp til underhaldning med trubadur og dans, fortel Hjelle.