Lokalsport

Sunnylven/Stranda vann mot topplaget

Damelaget Sunnylven/Stranda med trenar Hans Hole til venstre og oppmann Magnar Hauge til høgre.
Damelaget Sunnylven/Stranda med trenar Hans Hole til venstre og oppmann Magnar Hauge til høgre.

På Hellesylt stadion vann Sunnylven/Stranda 2-1 mot Herd torsdag. Jannicke Gjerde skåra begge måla for heimelaget.

Sunnylven/Stranda sitt damelag har hatt ein flott sesong under trenar Hans Hole. Med litt hell kunne det fort ha blitt opprykk til det unge laget som no styrer mot sikker bronseplass i 3. divisjon.
Sigeren mot topplaget Herd torsdag var så avgjort fortent og vart ein herleg revansj for 3-5 –tapet i våroppgjøret.
Kampen ute på bana var jamn, men framfor mål var heimelaget det fårlegaste. Spissduoen Birgitte Sve Hagen, Kirsti Frøysadal Hauge og med Jannicke Gjerde på vingen skapte heile tida situasjonar, men gjestane hadde eit solid forsvar og heldt tett bakover heilt fram til 37. minutt ut i kampen. Då fossa Jannicke Gjerde fram på venstrekanten og dundra ballen i kassa, sjanselaust for Sevil Tranvåg i Herd-målet.
Og det skulle bli meir å hente ut frå nettmaskene for den unge målvakta. Fire minutt seinare var det ny Jannicke-jubel etter nok ei skåring. 2-0 til Sunnylven/Stranda var pauseresultatet.

Andre omgang opna med nye store sjansar til heimelaget, men også Herd hadde sine tilbod der ei god Lillian Aasheim i heimemålet tok alt. Men etter 63. minutt kom ein susar frå Marita Bjørlykkhaug som resulterte i redusering for Herd til 1-2.
Det vart sluttresultatet og nærare poeng kom ikkje topplaget Herd på Hellesylt stadion.

Sunnylven/Stranda spela ein god kamp mot Herd og fekk alle poenga. Trenar Hans Hole har gennom sesongen komponert nytt lag stadig vekk grunna skadar, reiser og skulegang, men med nye, gode erstattarar.
Mot Herd hadde laget mange skiftingar frå siste kamp. Men heile mannskapet jobba godt og vi let oss imponere ekstra av Tina Jøsok i drakt ni som var stor i forsvaret, Maria Berge styrte flott på midtbana saman med hardtarbeidande Inga Vik, og framme var Jannicke Gjerde i storslag.
Målvakt Lillian Aasheim spela ein av sine gode kampar, og Kirsti Frøysadal Hauge kjempa, men skåra ikkje. Dei fleste laga kjenner nok kvalitetane til storskåraren til Sunnylven/Stranda og gjev henne ekstra vakthald.

Herd kom til Hellesylt stadion som serieleiar i 3. divisjon kvinner. Tapet mot Sunnylven/Stranda og siger til Volda gjorde at damene frå Sunnmøre sin ”kulturstad” overtok tabelltoppen med eitt poeng. Kva lag som blir KM-vinnar og får sjansen til opprykk blir avgjort i siste runder med seriefinale mellom Herd-Volda.
Sunnylven/Stranda møter Ørsta borte i siste kamp og har nok bronsemedalja i lomma.

3. divisjon kvinner.
Sunnylven/Stranda – Herd 2-1 (2-0)
Mål Sunnylven/Stranda: Jannicke Gjerde, 37. 41.
Mål Herd: Marita Bjørlykkhaug, 63.
Domar: Mevludin Ribic, VRF.

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Ivrine Tryggestad, Tina Jøsok, Silje Stadheim, Kristin Ringdal, Jannicke Gjerde, Maria Berge, Inga Elise Vik, Vilde Hjelle, Birgitte Sve Hagen, Kirsti Frøysadal Hauge.
Innbyttarar:
Anne Lise Lødøen Helset, Hanne Slettebak, Amalie Birkhol, Julianne

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380