17. februar 2026

Sunnylvingane brukte røysteretten

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad t.v. avga si røyst til stortingsvalet på Sunnylven samfunnshus. Her saman med røystestyret, frå høgre Gunnhild Kvam, Ivar Frøysadal, Rolf Arne Ljøen, leiar Stig Tryggestad og Kari Hauso Stadheim.

Med førehandsstemmer vart det avgjeve 345 røyster til stortingsvalet frå Sunnylven. Det tilsvarer eit frammøte i overkant av 80 %.

Veret var strålande på valdagen 9. september. Røystelokalet for heile Sunnylven var denne gongen i Sunnylven samfunnshus og opningstida var frå kl. 09.00 til kl. 18.00.
Leiar for røystestyret, Stig Tryggestad kunne melde om ein jamn tilstrøyming heile dagen av røysteføre som ville gjere si borgarplikt. Her avga også ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad si stemme.
Eit frammøte på over 80 % for Sunnylven er svært bra, tykte Stig Tryggestad.

Tre personar som brukte stemmeretten sin, frå høgre Arnfinn Tryggestad, Tarjei Korsbrekke og Linn Kammen.
Tre personar som brukte stemmeretten sin, frå høgre Arnfinn Tryggestad, Tarjei Korsbrekke og Linn Kammen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →