Lokalsport

Tap for damelaget

Damelaget til Sunnylven/Stranda spela borte mot Brattvåg torsdag kveld. Laget var i leiinga kvarteret før slutt, men rauk til slutt på eit sjeldan tap.

Brattvåg fekk revansj for 1-3 tapet mot Sunnylven/Stranda i våroppgjøret. Torsdag vann dei 4-3 på heimebane.

Og vertane mønstra eit godt lag denne gongen, spesielt i fyrste omgang hadde Brattvåg føringa i kampen. Det var ikkje ufortent at laget gjekk til pause med leiing 2-1.
Kirsti Frøysadal Hauge skåra for Sunnylven/Stranda etter hjørnespark i fyrste halvdel.

I andre omgang utlikna gjestane i rødt og blått ved Jannicke Gjerde, og etter 70. minutt vart det like godt borteleiing 3-2 ved Cristina Hagen. Då levde håpet om nok ein siger og tabelleiing, men i staden kom to mål til heimelaget som dermed vann 4-3.
Sunnylven/Stranda ramla ned på 3. plass på tabellen etter kampane denne veka.

Neste fredag, 13. september kjem serieleiar Volda på besøk til Hellesylt stadion. Då bør mange stille på stadion for å få med seg toppkampen i 3. divisjon kvinner.

Brattvåg – Sunnylven/Stranda 4-3 (2-1)
Mål Sunnylven/Stranda: Kirsti Frøysadal Hauge (30) Jannicke Gjerde (53) Cristina Hagen (70)
Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Kristin Ringdal, Tina Jøsok, Silje Stadheim, Inga Vik, Jannicke Gjerde, Maria Berge, Birgitte Sve Hagen, Vilde Hjelle, Cristina Sve Hagen, Kirsti Frøysadal Hauge.
Nytta innbyttarar:
Anne Grete Kjellstadli Langleite, Ivrine Tryggestad, Hanne Slettebak, Kamilla Skog, Amalie Birkhol, Julianne Lundanes.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380