Lokalnytt

Annbjørg Lien og Sondre Bratland i Sunnylven kyrkje

Det vart ein stemningsfull og vakker konsert med Annbjørg Lien og Sondre Bratland i Sunnylven kyrkje.

Fredag 11. oktober er ein kveld folk både i Sunnylven og i bygdene omkring må setje av. Då får vi besøk av Annbjørg Lien og Sondre Bratland, to av dei beste folkemusikarane vi har.

 

Dei er ute med ein turné dei kallar «På kyrkjeveg», og vegen går altså innom Sunnylven. Skriv det i boka og gjer deg klar til å gå på kyrkjeveg du også!

”På kyrkjeveg” er ein konsert som er basert på folketonar og tekstar som handlar om folk sitt tilhøve til kyrkje-og kristenliv og tradisjonar knytt til folk sin kyrkjegong i sorg og glede.

Sidan midten på nittitallet har Annbjørg Lien og Sondre Bratland framført norske religiøse folketonar og tradisjonsmusikk på mange arenaer, frå små stavkyrkjer til store katedralar i inn-og utland. Samspelet har heile tida utvikla seg, men alltid i truskap mot tradisjonen.

Sondre Bratland har gjennom mange år gjort eit stort innsamlingsarbeid av norsk religiøs songtradisjon, og formidla dette gjennom plateinnspelingar og konsertar.
Annbjørg Lien har utvikla eit nært og spanande lydbilde gjennom sitt akkompagnement på hardingfele og nyckelharpe som står godt til Sondre si særeigne stemme.

I 2010 kom Sondre og Annbjørg med CD-en -Alle vegne-, som vart nominert til Spellemannspris det året. Konserten bygg i all hovudsak på den produksjonen.

Møt fram i Sunnylven kyrkje fredag 11. oktober kl 20.00
Billettsal ved inngang.

Av Gunnar Inge Eide

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380