Berga sau og tre lamm

Det var spanande timar for eigar og hjelpesmenn då ein sau med tre lamm skulle bergast frå ei fasteflå i fjellet oppfor Korsbrekke i Sunnylven nyleg.
Under sanking i haust mangla ein sau med tre lamm for Ann Kristin Langeland. Etter kvart vart det oppdaga at fire dyr stod i ei flå, høgt oppe i fjellet ved Korsbrekke.
Det har hendt før at dyr har kome over fjellet frå sommarbeite i Torskedalen til andre sida, men desse stod no i ei fasteflå.
I midten av oktober skulle det gjerast eit forsøk på å berge dyra. Det vart ein tøff jobb for John Langeland, Jens A. Forbord, Knut Dag Langeland, og Ann Kristin Langeland.
John Langeland fortel om ei berging som sette både styrke og mot på stor prøve, men der fjellklatreutstyr vart nytta som sikring.
-Veret var langt frå bra, det var sludd i lufta og eg meinte det var uforsvarleg å prøve, vi burde utsetje berginga. Men dei andre ville i veg og slik vart det.
For å kome til måtte vi gå høgare i fjellet enn sauene var og deretter fire oss i tau ned i berghylla dei stod på. Der var alt av gras borte, også lauv og bark av nokre små fjellbjørk. Det var berre svarte jorda igjen.
Dyra var likevel i godt hold, men urolege av seg. Etter kvar som eg baud på brødskiver tok dei i mot og eg kunne fange fyrste lammet og binde det til ei lita kvitgnaga bjørk.
Med tolmod og tida til hjelp fekk vi tak i dei andre også, batt dei fast og berging frå fjellhylla kunne ta til.
Alle måtte heisast i tau opp ein tre, fire meter høg fjellhammar. Det gjekk bra og så kunne turen tilbake til lavlandet starte.
På sleipe svaberg og høge hamrar under oss baud det på vågale utfordringar, problema var ikkje slutt. Men med godt utstyr og gode idear kan alt løysast. På den verste plassen spente vi eit tau 60, 70 meter langt og godt forankra i begge sendar sende vi dyra nedetter, sikra med karabinkrokar til tauet.
Det var slutt på dagslyset før vi kom til Korsbrekke. Folk som hadde følgt med på redningsaksjonen kom oss i møte med fire lykter så då var ikkje mørkret problem lenger. Vi kom fram til gards og dei fire sauene fekk standsmessig skyss i ”Pajeroen” på siste etappe, fortel John Langeland som stadfestar at bilturen tilbake til Øvsthaugen på Langeland var fylt av ein god følelse.