
Frammøte var imponerande då Sunnylven og Stranda produsentlag inviterte til omvising i tre lausdriftsfjøs i Sunnylven laurdag. Det rår optimisme i jordbruket i Stranda.
Frammøte var imponerande då Sunnylven og Stranda produsentlag inviterte til omvising i tre lausdriftsfjøs i Sunnylven laurdag. Det rår optimisme i jordbruket i Stranda.
I Sunnylven har tre store lausdriftsfjøs for ku og mjølkeproduksjon blitt teke i bruk siste året. Alle har mjølkerobot og til saman rommer fjøsa 150 kyr.
Laurdag var det omvising hos alle, Lisbeth Lervik og Jørgen Helset, Gunnhild Foldal og Jan Ove Tryggestad og Annbjørg og Asle Fivelstad.
Vi var med i fjøset til dei unge brukarane på Helset, Lisbeth og Jørgen.
I samband med nybygget overlet tidlegare eigar, Fredrik Helset drifta til dei to. No er han gardsdreng og hjelpar både med arbeid og råd.
Eitt år
I det store og ljose fjøsrommet var det kring 50 kyr og eit stort tal ungdyr. Til no hadde meir enn halvparten av kyrne kalva, den siste går i fødebingen i mars.
Eitt år etter at fyrste kua vart mjølka i mjølkeroboten er dei framleis i ein oppbyggingsfase med dyr og produksjon. Det vart fortalt at leveransen i dag er på 320 tonn, men skal opp til 380 tonn neste år.
Automatisk
Byggning og utstyr er levert av Måløy Bygg a/s, Felleskjøpet og DeLaval.
Dei tunge taka i foring og stell er erstatta med automatiske løysingar. Foring med grovfor som er rundbalgar skjer frå forvogn kvar andre time, kraftfor blir tildelt på forbrettet, gjennom automat og under mjølking i roboten.
Fjerning av gjødsel på spaltegolvet syter ei maskin for. Den går fram og tilbake i sakte fart, utan at dyra reagerer på det i det heile.
Det er tett forbindelse mellom fjøset og gjødselkjellaren og nedslepp skjer manuelt når flyterenna er full.
Kvile eller kø
Dyra i fjøset til Lisbeth og Jørgen var blanke og reine med ei ro og eit velværet som var påtageleg. Mange låg i liggebåsane og slappa av, nokre forsynte seg av surfor på forbrettet, andre tok turen til den store motordrevne kløbørsten og fekk litt skrubbing på halsen og på andre kroppsdeler, og ved mjølkeroboten stod dei i kø for å bli mjølka.
Slik går dagar og netter i eit stort, moderande lausdriftsfjøs. Det norske jordbruket har modernisert seg mykje og vil gjere det også i framtida om vilkår og økonomi tillet det.
Fortsatt fjøstid
Lisbeth og Jørgen er godt nøgde med den nye fjøsen sin.
-Sjølvsagt er det ikkje slutt på å gå i fjøset. Runden må gjerast både kveld og morgon, men dei tunge løfta er borte. Det blir mest å sjå at alt fungerer, kike på datamaskina om alle dyr har fått det kraftfor dei skal ha og mjølka som forventa. Og ikkje minst, vi treng ikkje vere så fast etter klokka som før, seier Lisbeth.
Vart imponert
-Det er fantastisk korleis det er tillaga og imponerande å sjå, sa leiar i Sunnylven og Stranda produsentlag, Tor Lie, sjølv ein av landets største geitmjølkprodusentar med 300 geit og 200 tonn leveranse. Han sakna fleire geithaldarar på omvisinga. Også dei burde sjå eit slikt fjøs, sjå korleis norsk jordbruk har fornya seg, meinte han.
Vi stilte spørsmålet om han trudde mjølkeproduksjonen i Norge berre ville foregå i slike fjøs i framtida.
-Vi vil heilt sikkert få fleire slike fjøs, men store fjøs krev mykje areal så vi må få lagt til rette for også å behalde mange mindre om busetnad og miljø skal leve ute på bygdene, svara Lie som tykte oppslutnaden om fjøsbesøka var imponerande. 36 mjølkeprodusentar var med på runden i bygd og dal i Sunnylven, noko som var nær halvparten av medlemane i produsentlaget.




