Bjørn Eidsvåg-messe i kyrkja
Søndag kveld blir det gudsteneste i Sunnylven kyrkje med mykje flott song og musikk av Bjørn Eidsvåg, rockepresten som i ei årrekke har produsert og framført folkekjære songar.
Gudstenesta kl. 20.00 blir ei Eidsvåg-messe, ei songgudsteneste med eit tosifra antall kjende og kjære songar, framført av aktørar frå Stranda kommune.
I meir enn førti år har snart 60-årige Bjørn Eidsvåg turnert som artist. Han har gjeve ut mange hundre tekstar og melodiar der fleire har ”fanga” publikum og blitt nominert til prisar av ulike slag.
Bjørn Eidsvåg er framleis ein produktiv artist. Denne veka slapp han sitt 25. album som har fått namnet ” Far faller”.
Og i august i år kom ”På rett kjøl” ut, ein singel saman med Kurt Nilsen.
I Sunnylven kyrkje søndag kveld er det beste av song og musikkrefter i kommunen samla, og publikum kan vere med å syngje.
”Føtter på fjell”, ”Eg ser”, ”Kyrie”, ”Sja-la-la” og ”Ein fin liten blome” er nokre av songane som blir å høyre frå solistar med kor og stort band.
I tillegg til koret er desse medverkande:
Kristin Storstein, Karianne Vikene og Sigurd Drege, song,
Morgan Pedersen og Geir Olav Drege, gitar,
Peder Lundanes, bass,
Svein Furset, Hammond A3,
Gunnar Inge Eide, piano,
Lasse Døving, slagverk.
Sokneprest Lars Einar Flø deltek med liturgi under gudstenesta der det også blir nattverd og innsamling av kollekt.