10. juli 2026

Damelag med mange priskandidatar

doc_3720_2

Damelaget Sunnylven/Stranda kjempa i toppen av 3. divisjon nesten til siste kamp. Det vart ein flott tredje plass på laget.

Hans Hole har vore trenar og Magnar Hauge oppmann for Stranda si stoltheit i seniorfotball.
Å vinne bronsemedalje mellom Sunnmøre sine beste damelag er ein prestasjon som blir lagt merke til og bør feirast. Det skjer på fotballfest 9. november.

Suksess er avhengig av mange nok gode spelarar, at dei skårar mål og held tett bakover. Det gjev poeng og gode plasseringar på tabellen.

På fotballfesten på Peer Gynt Galleriet 9. november skal det delast ut fleire prisar.
Årets toppskårar på damelaget er klar. Det er nok ein gong superspissen Kirsti Frøysadal Hauge. Trenaren har nok også kontroll på treningsprisen om den finst, men årets spelar kan bli eit vanskeleg og spanande val mellom mange gode.
Og vi er spent på kvar publikumsprisen går. Der blir nok fleire namn med i avstemminga.

Ingen prisvinnar vil vere overraskande. Laget har masse gode spelarar som burde fortene ein fotballpris etter årets sesong.
Vi har sett fleire heimekampar med solid innsats av Tina Jøsok og Lillian Aasheim. Men også Maria Berge og Anniken Hjellbakk Hole er klare priskandidatar etter vår meining, saman med fleire lenger framme i laget.
Kirsti Frøysadal Hauge skåra halvparten av alle måla til laget, Birgitte Sve Hagen donka inn tre, eitt i uavgjort-kampen mot Volda og Jannicke Gjerde kom som ein vind inn i laget i haustsesongen og skåra fem.
Trenaren kan sikkert putte enno fleire namn i hatten frå eit lag som har mange priskandidatar.

Tabellen for dei fire beste laga i årets 3. divisjon viser at Sunnylven/Stranda skåra tredje mest og var tredje best til å tette igjen bakover.
Volda A 68 – 8 33
Herd 51 – 20 29
Sunnylven/Stranda 41 – 19 28
Spjelkavik 27 – 16 23

Her er målskårarar til Sunnylven/Stranda.
I heimekampen mot FK Sykkylven stilte ikkje gjestane og fotballkretsen gav Sunnylven/Stranda siger 3 – 0.
Kirsti Frøysadal Hauge 19
Jannicke Gjerde 5
Maria Berge 4
Birgitte Sve Hagen 3
Christina Hagen 2
Stine Fivelstad 1
Lena Gjerde 1
Anne Grete Kjellstadli Langleite 1
Gro Mari Kjellstadli Langleite 1
Anne Lise Lødøen Helset 1

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →