Ei messe for minneboka

Songarar og musikarar i koren i Sunnylven kyrkje.

Songarar og musikarar i koren i Sunnylven kyrkje.

Meir enn hundre unge og eldre kom til Bjørn Eidsvåg-messe i Sunnylven kyrkje søndag kveld. Det vart ei song og musikkoppleving for minneboka.

Lokale song og musikkrefter frå Stranda og Sunnylven hadde spleisa seg saman for å framføre nokre av Bjørn Eidsvåg sine kjende og kjære songar. Totalt var 13 aktørar med som solistar, kor og band.
Bjørn Eidsvåg-messa vart ei av dei mange ugløymelege opplevingane i Sunnylven kyrkje. Det store kyrkjeromet ”svara” tilbake på musikken og gla`songen som varte over ein time, men som gjekk så alt for fort.
Femten av Eidsvåg sine kjende og mindre nytta songar stod på repertoaret, mellom dei -Føtter på fjell-, -Kyrie-, -Sha-la-la-, -Ein fin liten blome- og -Eg ser- som var eitt av høgdepunkta. Songen er ein av Eidsvåg sine mest kjente og som han framførte under minnekonsert etter 22. juli i Oslo Domkirke i 2011.

Sokneprest Lars Einar Flø hadde dei verbale innslaga i songmessa. I sin omtale av Eidsvåg sine songar, siterte han frå fleire og dei djuptgåande tekstane der han forklare kva songskaparen ønska å formidle.

Kristin Storstein, Karianne Vikene og Sigurd Drege var solistar under konserten, alle scenevante aktørar med vakre, unike songrøyster. På vokal fekk publikum også høyre fire koristar, Ola Ødegård, Eli Cesilie Myrene, Oddbjørg Stadheim og Eli Anne Lundanes som bidrog positivt i fraføring av songinnslaga.
Musikarar i det store bandet var Morgan Pedersen og Geir Olav Drege, begge gitar, Peder Lundanes bass, Svein Furset hammondorgel, Gunnar Inge Eide piano og Lasse Døving slagverk.
Tor Gunnar Hovlid sytte for god lyd og lys.

Eidsvåg-messa i Sunnylven kyrkje vart ei minnerik, vakker og til tider kjenslesterk oppleving som fekk velfortent, ståande applaus frå publikum etter siste tone.
Konserten vart også ei stadfesting av at Stranda kommune rår over unike song og musikkrefter, ein verdi som bør takast vare på og nyttast oftare.

Karianne Vikene til venstre og Kristin Storstein var solistar. I bakgrunnen Morgan Pedersen.

Karianne Vikene til venstre og Kristin Storstein var solistar. I bakgrunnen Morgan Pedersen.

Medverkande under Eidsvåg-messe. Frå venstre Sigurd Drege, Kristin Storstein, Karianne Vikene, Oddbjørg Stadheim, Eli Anne Lundanes, Ola Ødegård, Eli Cesilie Myrene.

Medverkande under Eidsvåg-messe. Frå venstre Sigurd Drege, Kristin Storstein, Karianne Vikene, Oddbjørg Stadheim, Eli Anne Lundanes, Ola Ødegård, Eli Cesilie Myrene.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380