Folksamt på laurdagsbasar

Siv Anita Aasheim Nessan kjøpte mange lodd og vann.

Siv Anita Aasheim Nessan kjøpte mange lodd og vann.

Styret i Sunnylven sanitetslag var godt nøgde med resultatet av laurdagsbasaren på Sunnylven samfunnshus. Det vart vel 12.000.- kroner i lagskassa.

Sunnylven sanitetslag sine tilstelningar blir alltid godt besøkt. Det vart også arrangementet sist laurdag med kafe, utloddning og basar på same tid. På samfunnshuset var det jamn trafikk av unge og eldre i over to timar. Då var alle lodd og gevinstar borte.
Den tradisjonelle basaren til laget med loddbøker og trekking var bytta ut med snurrelodd denne gongen.
Unge kafegåarar lika godt den nye måten å prøve vinnarlukka på medan dei litt eldre sakna ”Skramlå”, laget sitt heimelaga trekkjarapparat som laga skramlelyd og den gode basarstemninga.

Men tidene forandrar seg, og alle var samde om at å arrangere basar på gamlemåten og køyre rundt med loddbøker til husstandane var meir tidkrevjande.
”Skramlå”, sanitetslaget sitt heimelaga trekkjarapparat stod på utstilling denne gongen.

Under laurdagsbasaren diska sanitetsdamene også opp med tilbud på variert servering med sal av fleire sortar kaker, kaffi og betasuppe.

-

 

"Skramlå", sanitetslaget sitt trekkjarapparat stod på utstilling laurdag.

«Skramlå», sanitetslaget sitt trekkjarapparat stod på utstilling laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380