Heim frå Oaldsbygda

Sauer og sankarar til kai på Hellesylt, frå venstre Jan Ove Tryggestad, Leif Rune Tryggestad, Dan Waterman, Knut Arne Leite, Leif Egil Åsen, Trond Tryggestad. Per Kjell Leite samtalar med skipperen.

Sauer og sankarar til kai på Hellesylt, frå venstre Jan Ove Tryggestad, Leif Rune Tryggestad, Dan Waterman, Knut Arne Leite, Leif Egil Åsen, Trond Tryggestad. Per Kjell Leite samtalar med skipperen.

Søndag kom ferja Vestveg 2 frå Oaldsbygda til Hellesylt. Om bord var 290 sauer som hadde hatt sitt sommarbeite i den fråflytta fjordbygda.

Heimreisedagen for det som etter kvart blir fårikålgryter og pinnekjøt vart kraftig forsenka i år. Ferja Vestveg 2 måtte på verkstad for reparasjon i slutten av august, men vart seglingsklar i tide. Veret i september har vore godt, så dyra har ikkje lidd noko naud sjølv om dei kom heim fleire veker seinare enn vanleg.
Det regna og bles då Vestveg 2 la til kai eit par timar etter planen søndag. Og veret med høg flo sjø skapte vanskar med å få sauene om bord i ferja i Oaldsbygda.
Mange av dyra måtte lempast med handemakt om bord på grunn av høgda frå kaia til ferjedekket.

Etter to lange sankedagar var knappe 300 dyr med tilbake på båtturen frå sommarbeitet. Men det blir nok nye turar seinare, for rundt 50 dyr er framleis igjen, seier dei to sauebøndene, Per Kjell Leite og Jan Ove Tryggestad. Sidan 2002 har dei hatt sommarbeite for sau i Oaldsbygda.

Også mange av mannskapet i sankelaget har vore trufast med på haustjobben i Oaldsbygda. Mellom dei er saueklippar hos Ole Ringdal a/s, Dan Waterman med elleve år bak seg så langt. På ferjeturen tilbake søndag var han og seks andre med, andre hadde gjort lange sanketurar dagen før.
Sjølv i det dårlege veret vart det folksamt på kaia på Hellesylt med mange skodelystne. Nesten som ein ny nasjonaldag i bygda.

På Hellesylt kai vart sauene jaga over i bilar frå Ole Ringdal a/s og frakta til Tryggestad for å beite på gjenvekst etter ho-slåtten. Snart er det sortering i flokken der nokre blir livdyr og resten går til slakteriet.
Kvalitet og tilvekst på dyra var som tidlegare år, mange var bra, andre kunne ha vore betre, sa dei to sauebøndene.
Men dei var nøgde, for etter det vi forstod blir det ny beitesesong med sauer i Oaldsbygda til neste år.

Mange flotte dyr kom heim frå sommarbeite i Oaldsbygda.

Mange flotte dyr kom heim frå sommarbeite i Oaldsbygda.

Siste etappe, frå ferja til Tryggestad med dyretransportbil.

Siste etappe, frå ferja til Tryggestad med dyretransportbil.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380