
Det blir romjulsspel med HUL-teatret 4. juledag. Øvingane er godt i gong.
Mange var skuffa i fjor då HUL-teatret ikkje lukkast med å fylle opp rollelista for det tradisjonelle romjulsspelet.
I år er alt på stell, ti aktørar øver for fullt og morar seg storleg over eigne og andre sine replikkar.
”Rett i lomma” er ei komedie i to akter. Her blir trygdesystemet svindla på utsøkt vis, men til slutt kjem mistanken sigande over vedkomande og ein komplisert prosess med å dekke over svindelen startar.
Det heile varer i til saman to timar, fortel Anne Marie Sømoen Frøysa i teatergruppa. Ho er på plass som sufflør i år som tidlegare.
Kanskje får ho ein enkel jobb denne gongen, for på rollelista finn vi av det beste og mest erfarne HUL-teatret kan mønstre.
Sjå berre her:
Per Amund Frøysa, Randi Sæter, Magne Brekke, Marianne Fivelstad, Geir Frøysa, Per Kjell Leite, Silje Stadheim, Per Ove Frøysa, Kristin Storstein, Knut Dag Langeland.
Fyrste helga i november er det lang øvingshelg med tilreisande instruktør. Då kjem skodespelar Morten Rudå frå Oslo for å gje råd og vink i innstuderinga av komedia.
Og 4. juledag er det premiere på Sunnylven samfunnshus.