
Sist helg reiste 20 born og sju vaksne frå Hellesylt ungdomslag til Sunnmørsstemne på Fiskå i Vanylven. Det hadde dei øvd og gleda seg til lenge.
På Fiskå skule vart det folksamt etter kvart for heile 125 born var påmelde til stemnet.
Etter at alle hadde rigga sin plass på skulen og klargjort sine luftmadrasser var det tid for kveldsmat på ungdomshuset. Deretter vart det øving på samdansprogrammet før kvelden vart avslutta med discotek.
Laurdag vart det mykje dans med opptreden i sentrum før deltakarane vart delt i mindre grupper for å opptre på omsorgssenter og andre stader.
Dagens høgdepunkt var frie aktivitetar som kreativ verkstad, fyrstehjelp, klatring, sløyd, skyting, eller eit besøk til Hakkaligarden. Ein dag alle var strålande nøgde med.
På laurdag kveld vart det nye øvingar på samdansprogrammet til neste dag før det igjen var discotek.
Fiskå ungdomslag hadde engasjert tre stemnetanter og ein stemneonkel som alle var flinke til å halde ungane i aktivitet heile kvelden.
Søndag var siste dag som starta med at alle gjekk i stemnetog til gudsteneste i kyrkja. Deretter vart Sunnmørsstemet avslutta med felles danseoppvisning av 125 bunadskledde born.
Ei minnerik helg var til endes med Fiskå ungdomslag som gode vertar.
