Innsetjing av sokneprest søndag

I Sunnylven kyrkje er det hausttakkefest og innsetjing av den nye soknepresten søndag.

I Sunnylven kyrkje er det hausttakkefest og innsetjing av den nye soknepresten søndag.

Søndag 20. oktober er det gudsteneste i Sunnylven kyrkje med hausttakkefest og innsetjing av den nye soknepresten for Sunnylven og Geiranger, Stein Karstensen.

Komande søndag får kyrkjelyden i Sunnylven møte den nye soknepresten Stein Karstensen for fyrste gong.

Under gudstenesta kl. 11.00 blir han offisielt innsett av prost Svein Runde. Runde vil lese opp innsetjingsbrevet frå biskopen i Møre der det står at Stein Karstensen er sokneprest i Sunnylven og Geiranger.
I Geiranger møter kyrkjelyden den nye soknepresten under gudsteneste 10. november.

Gudstenesta i Sunnylven kyrkje opnar med prosesjon av skuleborn frå 3. og 4. klasse, barnehageborn og sokneprest og prost.
Søndag blir det også dåp og song av ungdomskoret Joyful.

Etter gudstenesta er alle velkomne til å delta under samling på Sunnylven samfunnshus der det blir servering av enkel middag, kaffi og kaker, seier leiar i Sunnylven sokneråd, Stig Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380