Lokalnytt

Mange bøsseberarar i Sunnylven

Søndag er det TV-aksjon og innsamling til arbeidet med forskning på demens.
Søndag er det TV-aksjon og innsamling til arbeidet med forskning på demens.

Mellom 12 – 15 bøsseberarar vil vere i aksjon i Sunnylven søndag 20. oktober når årets store TV-innsamling til Nasjonalforeninga for folkehelse sitt arbeid for demens går av stabelen.

I Sunnylven er det idrettslaget som organiserer og står for innsamlinga saman med sanitetslaget.

Frå Sunnylven idrottslag kjem medlemer frå yngres avdeling fotball rundt som bøsseberarar med foreldre som sjåførar, fortel styremedlem i laget, Geir Frøysa.
I sentrum av Hellesylt vil sanitetslaget ta seg av innsamlinga.

Totalt i Sunnylven vil mellom 12 – 15 bøsseberarar vere ute for å samle inn støtte til forskning på demens.
I Sparebanken Møre avd. Hellesylt blir det oppteljing av dei innsamla beløpa frå kl. 16.00. Klokka 18.00 er resultatet for Sunnylven klart.

Ta vel i mot alle når dei bankar på ein stad etter kl. 14.00 søndag, oppfordrar Geir Frøysa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380