Peder Hellebostad held fram

Peder Hellebostad tok attval som leiar i Sunnylven Bondelag. Her saman med nestleiar i fylkeslaget, Anne Katrine Jensen.

Peder Hellebostad tok attval som leiar i Sunnylven Bondelag. Her saman med nestleiar i fylkeslaget, Anne Katrine Jensen.

Knappe halvparten av medlemane i Sunnylven Bondelag møtte då laget heldt årsmøte sist fredag. Peder Hellebostad held fram som bondeleiar.

Sunnylven Bondelag hadde 68 registrerte medlemer siste år, ein mindre enn året før.

Leiar i laget har vore Peder Hellebostad og han tok mot attval for ein ny periode.

Styret i Sunnylven Bondelag:
Peder Hellebostad, leiar, Peder Rune Tronstad, Jørgen Helset, Gunnhild Foldal, (ny) Oddvar Tynes, (ny) Jørn Stadheim.
Varamedlemer: Astrid T. Dyrkorn, Knut Sundgot, Johan Inge Kjellstad.
Valnemnd: Annbjørg Fivelstad, leiar, Per Kjell Leite, Nils Kåre Frøysa.
Revisorar: Hans Hole, Synnøve Kjellstad.
Utsending til fylkesårsmøtet: Peder Hellebostad.

Av årsmeldinga gjekk det fram at aktiviteten har vore litt lav, men laget har hatt studiering om jordbruksforhandlingane, delteke under Sommardagar på Hellesylt, og uttala seg om bemanningssituasjonen ved Næringsavdelinga i kommunen.

Spent fylkesnestleiar
Gjest på årsmøtet var nestleiar i fylkesstyret Anne Katrine Jensen. Ho kom i sitt innlegg på årsmøtet inn på saker og målsetjingar som den nye regjeringa har gjort kjent og vil føre i landbruket.
Jensen var forsiktig og avventande i sin kommentar om landbruk -og matminister Sylvi Listhaug og ville gje den nye ministeren ein sjanse. Ho var ei ung kvinne som såg på landbruk med ”nye” auge. Jensen var spent, men det kunne også skje at Listhaug vart ein god minister for norsk landbruk.

Fjell må vekk
Nestleiaren i fylkesstyret var innom fleire punkt i regjeringsplattforma for norsk landbruk, tiltak som ho var mindre nøgd med.
-Det heiter at vi skal ha størst mogleg sjølvforsyning. Då er det eit paradoks å gå inn for størst moglege bruk. På Vestlandet er det vanskeleg å produsere 1000 tonn mjølk på eit bruk. Då må nokre fjell vekk, sa Jensen.

Endring av kvoter og konsesjonar, oppheving av konsesjonslova, buplikt, delingsforbud og priskontroll var andre av mange punkt ho var innom og kommenterte.

-Bondelaget vil betre inntekt og velferd, styrke investeringsmidla, styrke jordvernet, færre rovvilt, få økt energiproduksjon og møte ver -og klimautfordringane, sa Anne Katrine Jensen.

Rita Eide Ljøen og Nils Kåre Frøysa sa frå seg attval i styre. Dei fekk blomar og takk av bondelaget ved Peder Hellebostad.

Rita Eide Ljøen og Nils Kåre Frøysa sa frå seg attval i styre. Dei fekk blomar og takk av bondelaget ved Peder Hellebostad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380