Lokalnytt

Skifter vatnpost på Storstein

 

Onsdag kveld starta Stranda Anleggsservice arbeidet med å skifte ut røyr i ein kanal som kryssar Bygdavegen på Storstein i Sunnylven. Vegen kan bli stengt til kl. 06.00 torsdag.

Etter snart 50 år var dei galvaniserte kulvertrøyra gjennom bygdavegen på Storstein sterkt svekka av rustangrep. Vegbana hadde sege mykje så her var det fåre for at heile greia kunne ramle i hop.
Det var tid for utskifting onsdag kveld, eit arbeid Stranda Anleggsservice gjorde på oppdrag for Mesta. I vatnposten blei det lagt ned betongrøyr med diameter 1.40.

Medan gravinga pågjekk var vegen stengt, men med omkøyring over Helset og Helset bru.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380