Stemningsfull og fin kyrkjekonsert

Sist fredag møtte vel 115 personar fram i Sunnylven kyrkje til ei musikalsk reise gjennom tradisjons- og folkemusikk.
18.10.2013 07:58:02
Av Ann Kristin Langeland
Konserten ”På kyrkjeveg” var ein konsert basert på folketonar og tekstar om folks tilhøve til kyrkje og kristenliv, og tradisjonar knytt til folks kyrkjegang i sorg og glede.
Sidan midten på nittitallet har Annbjørg Lien og Sondre Bratland framført norske religiøse folketonar og tradisjonsmusikk på mange arenaer, frå små stavkyrkjer til store katedralar i inn og utland. Denne gong var turen komen til Sunnylven kyrkje og eit lyttande og lydhørt publikum tok vel i mot dei to musikarane.
I løpet av konserten fekk ein gode møter med eit nært og spanande lydbilete gjennom Annbjørg sitt akkompagnement på hardingfele og nyckelharpe som står godt til Sondre si særeigne stemme.
På repertoaret stod mykje tradisjonsmusikk frå Telemark, men Annbjørg sine Sunnmørske røter kom også tydeleg fram. I siste del av konserten fekk ein gjenhør med dei gamle kveldssongane som mange kjende igjen frå eigen barndom.
Konserten vart avslutta med ”Gje meg handa di ven når det mørknar”, og med påminninga om at alle treng ei hand vart denne konserten eit godt lyspunkt i den mørke haustkvelden.