Lokalnytt

Stor gjevarglede til TV-aksjonen

I Sunnylven var det medlemer frå yngres avdeling fotball og sanitetslaget som var bøsseberarar. Oppteljinga foregjekk i Sparebanken Møre på Hellesylt.
I Sunnylven var det medlemer frå yngres avdeling fotball og sanitetslaget som var bøsseberarar. Oppteljinga foregjekk i Sparebanken Møre på Hellesylt.

Oppteljinga frå bøsseberarane i Stranda kommune viser at det kom inn totalt 136.058.50 til årets TV-innsamling til Nasjonalforeninga for folkehelse sitt arbeid for sjukdomen demens.

Det var stor gjevarglede mellom folket i Stranda i årets TV-aksjon. Tilbakemeldingar frå bøsseberarar fortalde om positive møter med folk når dei banka på for innsamlingsaksjonen.
Beløpet frå bøsseberarar i Stranda kommune vart totalt på 136.058.50, kroner, eller om lag 25.000.- kroner meir enn i fjor.
I tillegg kjem pengane frå støttekonserten i Storfjord kulturhus laurdag på 9.250.- og kollekt i Stranda kyrkje søndag på ca. 2.000.-
Også eit beløp frå Stranda kommune er venta å kome i tillegg.
Måndag morgon var beløpet pr. innbyggjar i Stranda på kroner 42.39.-

For Sunnylven vart totalresultatet frå bøsseberarane kroner 21.308.50. Til Amesty i fjor var beløpet ca. 17.300.-

Neste år er TV-aksjonen til inntekt for Kirkens Nødhjelp.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380