Lokalnytt

Støypte bru på skogsvegen

Åtte kubikk ferdigbetong gjekk med til støyping av Jølbrua.
Åtte kubikk ferdigbetong gjekk med til støyping av Jølbrua.

På den nye skogsbilvegen på Hellebostad i Sunnylven vart ei ny bru over ein større bekk støypt fredag. Jølbrua skal tole 13 tonn akseltrykk.

 

Det er fem grunneigarar på Hellebostad som har gått saman om å ruste opp og delevis bygge ny veg i Hellebostadskogen.
Vegen på 600 meter er snart ferdig og vil utløyse mykje hogstmoden skog. Fredag vart ei ny betongbru over ein større bekk støypt. Om to veker kan hogstmaskina og andre køyretøy passere og starte arbeidet med hogging og uttransport av kring tusen kubikk granskog.

Alt neste veke er hogstmaskina på plass for å starte høgging og rydding i nærleiken av Stadheim kraftstasjon, fortel skogeigar Olav Hellebostad. Der ligg mykje vindfall etter orkanen Dagmar så der vil rundt 400 kubikk bli teke ut, det meste til massevirke.

Den nye skogsvegen blir i tillegg til uttransport av tømmer ein flott turveg mellom gardane Hellebostad og Åsen.

Entreprenør og grunneigarar ved Jølbrua. Frå Venstre Egil Røyrhus, Olav Hellebostad, Arne Olav Hellebostad, Gisle Aaland.
Entreprenør og grunneigarar ved Jølbrua. Frå Venstre Egil Røyrhus, Olav Hellebostad, Arne Olav Hellebostad, Gisle Aaland.
-
Når topplaget av grus kjem på blir skogsvegen også ein flott turveg.
Når topplaget av grus kjem på blir skogsvegen også ein flott turveg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380