Lokalnytt

Strålande støttekonsert

Endgame på scena i Storfjord kulturhus
Endgame på scena i Storfjord kulturhus

Berre vel hundre betalande fekk med seg ein halvannan time med varierte innslag frå scena i Storfjord kulturhus laurdag. Stranda kommune, Stranda Helselag og Sunnylven sanitetslag stod bak arrangementet til støtte for demens-saka.

Programleiar Harry Malmo introduserte lokale utøvarar frå bygdelaga i Stranda. Det var berre utruleg å oppleve unge og eldre med flotte verbale innslag, eller i song og musikk.

Det poppa fram frå alle deler av kommunen unge utøvarar som meistra songrøyst eller trakterte instrument så lett som ein berre kan oppleve det på TV.
At kulturskulen i Stranda har baka sine timar inn i skuledagen i bygdene, må vere årsaka. Det må berre halde fram.

Frå Sunnylven kom Joyful, Maria Langeland, Kristin Storstein og Inghild Storstein.
Ungdomskoret Joyful var fyrst på scena og viste som vanleg smittande songglede. Med to songar i engelsk språkdrakt sette dei standard for det som skulle kome seinare.

Og Malmo kunne introdusere meir korsong med nystarta ”Kor Løye” frå Stranda. Også det eit flott innslag og at det er løye å synge i kor var desse damene eit synleg bevis på.

Maria Langeland framførte MGP-vinnarlåta ”Hvorfor er du så sur da” til eige gitarakkompagnement og Kristin Storstein song ”Vår Herres klinkekuler” og ”Har du fyr” med Gunnar Inge Eide på tangentinstrument.

Inghild Storstein las dikt med tekstar til ettertanke, og Kjell Koppang hadde leita fram prosa frå Jakob Sande, mellom anna ”Kallen og katten”.

Frå Geiranger kom Alma Sofie Mæland, eit talent av dei sjeldne både på kornett der ho framførte ”Tears in heaven” og i songen ”Hvem vet”.
Iris Ramona Liset frå Stranda hadde sett saman sitt songinnslag av fleire musikalar, mellom anna frå Abba. Det lika vi.

Under støttekonserten for demens-saka var det helsingar frå fylkesleiaren for TV-innsamlinga i Møre og Romsdal, Morten Oksavik og ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad.
Begge håpa at når 2.2 mill. husstandar får besøk av bøsseberarar blir dei møtt med eit smil, at folk tek godt i mot dei når dei bankar på.

Støttearrangementet i Storfjord kulturhus vart avslutta av bandet Endgame. Håvard Eliassen, Elias Indreeide, Lars Anders Jelle og Joakim Helgesen framførte tre låtar, også to sjølvlaga. Ja den eine var heilt fersk, ferdig klokka tre natta før konserten.
Endgame stod for ei forrykande og flott avslutning. Vi fekk sjå og høyre utruleg dyktige musikarar på sine instrument og ein vokalist som vil nå langt om han vil.

Ungdomskoret Joyful
Ungdomskoret Joyful
Alma Sofie Mæland imponerte både på kornett og med vakker song.
Alma Sofie Mæland imponerte både på kornett og med vakker song.
Kristin Storstein med Gunnar Inge Eide på tangentinstrument
Kristin Storstein med Gunnar Inge Eide på tangentinstrument
Kjell Koppang las dikt av Jakob Sande.
Kjell Koppang las dikt av Jakob Sande.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380