Lokalsport

Trenar til vinteraktivitetar

Mange møtte til fellestrening torsdag. Bak til venstre (blå panneband) står dei to instruktørane Tarjei Korsbrekke og Magnar Tufte Tyssen. (Foto: Magne Brekke)
Mange møtte til fellestrening torsdag. Bak til venstre (blå panneband) står dei to instruktørane Tarjei Korsbrekke og Magnar Tufte Tyssen. (Foto: Magne Brekke)

Veret var ikkje det beste, men i flaumljoset på Hellesylt stadion torsdag var det fellestrening for både fotball, langrenn og skiskyting.

Den fyrste snøen har alt vist seg i dei høgaste toppane, så no går det mot vinter. Då førebur ungdomen i Sunnylven IL seg til nye idrettar som langrenn og skiskyting.
Sist torsdag var 30 unge frå 3. til 10. klasse samla på Hellesylt stadion til barmarkstrening. Nye treningar blir kvar veke framover med Tarjei Korsbrekke og Magnar Tufte Tyssen som instruktørar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380