Trimma som aldri før
I Sunnylven hadde trimpostane til friidrett/trimgruppa større besøk i 2013 enn nokon gong tidlegare. Totalt 11300 registreringar gav ein auke på 7.55 prosent frå rekordåret i 2012.
Frå leiar Rune Hole i friidrett/trimgruppa har vi fått ein fullstendig oversikt over registreringar ved dei 25 postane til idrettslaget.
Skaret har hatt den største auken med 84 prosent og med 756 besøk. Nest størst prosentvis auke hadde Tronstadsætra med 364 registreringar som var 70 prosent meir enn året før.
Shell-kaia, 3-poengsposten på Korsbrekke har hatt aller flest besøk med 1157, men både Stegholen med 1151 og Nedstevatnet med 1037 syner seg å ha vore populære turmål i 2013.
Her er heile lista:
Sendaren Ringdal 958 44.4+
Stegholen 1151 1.6÷
Nedstevatnet 1037 2.2÷
Shell-kaia 1157 13.1÷
Ljøbrekka 627 54.0+
Skaret 756 84.3+
Karbømarka 472 7.0÷
Høgane 709 58.6+
Tronstadsætra 364 70.0+
Hellebostadmarka 548 3.0÷
Kjellstaddalen 613 12.1
Skihella 110 3.5÷
Berga 586 9.7÷
Svarthammaren 361 11.3÷
Steimsnibba 287 11.2+
Åsenakken 285 30.4+
Vatnedalen 115 6.4+
Liadalen 135 6.9÷
Haugedalen 155 12.3+
Holedalen 147 40.0+
Sætre-sætra 130 0.0
Fedalen 138 8.6+
Fagredalen 151 52.5+
Nausane 195 52.4÷
Nokkenibba 113 8.1÷