Ustabilt frå Direct Connect
I e-post til næringssjef Inge Bjørdal i Stranda har Per Aamund Hauso teke opp problemet med den ustabile internettløysinga frå Direct Connect i Sunnylven.
I e-posten til næringssjefen skriv Per Aamund Hauso at han har flytta heim til Sunnylven og håpa å kunne jobbe frå sitt heimekontor i Langedalsvegen 419 ved Tryggestad. Det har vist seg vanskeleg.
Sist veke toppa problemet seg med utfall av sendaren på Geitfjellet både 27. og 28. oktober. Han såg seg difor nøydd til å returnere til kontoret i Florø, skriv han i e-post til næringssjefen.
Hauso håper Stranda kommune kan påverke Direct Connect til å etablere fast linje til og frå Hellesylt for inn og utmating. Radiolinjene i bygd og dal har så langt fungert.
Næringssjef Inge Bjørdal vil ta opp saka snarast med Direct Connect.
-Det har vore litt for mykje tull med dette opplegget. Mange blir berørt, både privatpersonar, kraftstasjonar og andre bedrifter på Hellesylt når internett fell ut, seier Bjørdal.
Han vil søke fagleg råd for oppfølgjing hos IKT i kommunen og få også rådmannen til å signere brevet til Direct Connect.
hellesylt.no er kjent med at manglande internett skuldast straumlaust på Geitfjellet. Det skulle ikkje skje, men skjedde likevel. Sendaren har montert både vindmølle, solcellepanel og batteri for straumtilførsel.