Adventsstund på omsorgssenteret

  • doc_3806_2
  • doc_3806_13
  • doc_3806_14

 

Dagen før første søndag i advent inviterte Sunnylven sanitetslag tradisjonen tru til adventsstund for pensjonærane ved Sunnylven omsorgssenter.

Frå styret i sanitetslaget helsa Kari Hauso Stadheim og ønska vel møtt.
Det var så kjekt å kome til daglegstova igjen der det var pynta både til advent og med lysande juletre.
Som tidlegare år var også Sunnylven skulekorps med og gleda med vakre juletonar. Igjen var korpset på plass. Det var ikkje ein sjølvsagt ting å ha eit skulekorps i ei lita bygd som Sunnylven, så vi burde gle oss over det, sa ho.
Det vart tre julesongar denne gongen, Deilig er jorden, Bjelleklang og Glade jul.

Styret i sanitetslaget hadde som vanleg stelt i stand god servering, smørbrød med fleire sortar pålegg, julebrød, kaffi og til slutt bløtkake.
Alt fall i smak hos bebuarane etter det vi kunne sjå. Anna Jorunn Ljøen takka for traktemanget på vegne av alle pensjonærane ved omsorgssenteret.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380