
Under gudstenesta i Sunnylven kyrkje fekk åtte fireåringar, tre jenter og fem gutar overrakt kvar sitt eksemplar av kyrkjeboka av sokneprest Stein Karstensen.
Det var med lette, kjappe steg tre jenter og fem gutar møtte fram til sokneprest Stein Karstensen for å ta mot 4-års boka under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag. Ei populær gåve som vart opna og blada i med det same av dei unge mottakarane.
Den blanke, blå boka med det store raude firetalet på framsida inneheld mykje kjekk lesnad, mange songar, små forteljingar, dikt og fine bilete.
Etter utdelinga framførte borna og sokneprest Karstensen songen ”Alt det minste som Gud skapte”.
