
Ved klekkeriet i Husøyna i Sunnylven går kultiveringsarbeidet som vanleg. Der er rogn og mjølke til over 100.000 lakseyngel på plass i oppdrettskara.
Jobben er snart gjort for i haust, seier Arne Korsbrekke og Glenn Wærnersen. Vi møtte dei to ved klekkeriet i Husøyna der dei siste laksane skulle ”strykast” for rogn og mjølke.
Alt har gått som planlagt så langt. Det vart nokre ekstra kast med nota i Korsbrekkeelva for å få tak i nok stamfisk, men resultatet vart bra til slutt.
No skal den gode laksestamma leve vidare gjennom avlsarbeid og slepp av over 100.000 yngel til våren.
Når det skjer er avhengig av temperaturen i vatnet ved klekkeriet. Til kaldare vatnet er til seinare går utviklinga, seier dei to.
Ikkje alle laksane er klare for ”stryking” samstundes så det har blitt fleire kalde dagar, men ikkje av dei verste i haust, seier Arne Korsbrekke. Han har opplevd både snø og kuldegrader når rogn og mjølke skal blandast og bli nye laksebarn.
Under arbeidet blir det i år teke ut prøve av både rogn og mjølke, og det blir teke skjellprøver for å stadfeste at fisken er villaks og ikkje oppdrettslaks. Det har nok dei to kontroll på utan å ta skjellprøver, trur vi.
Alt er i rute ved klekkeriet i Husøyna som vart teke i bruk fyrste gong i 1932.
Tilgangen på vatn er god og sikker frå ei oppkome. Så om det blir normal vintertemperatur er over 100.000 lakseyngel klar for utsetjing i Korsbrekkeelva i mai neste år, trur Arne Korsbrekke og Glenn Wærnersen.
I Korsbrekkeelva lever lakseyngelen i to, tre år før den går ut i havet.
Eit år etter kjem dei fyrste tilbake som pjakk på eit par kilo.
Om dei får leve vidare blir det storlaks og spanande opplevingar for sportsfiskarar.


