Gull i NM for Ole Ringdal a/s

Avdelingsleiar Leif Egil Åsen til venstre og dagleg leiar Ola A. Ringdal med gullmedalje og heidersbevis for framifrå godt produkt.

Avdelingsleiar Leif Egil Åsen til venstre og dagleg leiar Ola A. Ringdal med gullmedalje og heidersbevis for framifrå godt produkt.

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal a/s på Hellesylt deltok nyleg i NM kjøttvarer og henta heim gullmedalje med diplom for Norges beste bacon i terningar.
Ole Ringdal a/s har delteke i NM kjøttvarer mange gonger sidan fyrste konkurranse i 1994, og bedrifta har henta heim edelt metall og bevis på varer i toppklasse kvar gong.
Slik vart det også 14. november i Oslo i år der konkurrerande bedrifter frå heile landet deltok. Her gjekk hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt heilt til topps i klassa ”Årets lutefiskbacon”.
I blindtesten som domarpanelet gjorde fekk produktet 99.67 av 100 poeng og flott omtale;
-Veldig god bacon, super til lutefisk, fin råvare, flott utsjånad med svært god smak og fin konsistens-.

Dette var fyrste topplasseringa for dette produktet, ei vare som Ole Ringdal a/s har spesialisert seg på dei siste seks, sju åra, fortel dagleg leiar Ole A. Ringdal. Bacon i terningar sel godt, ikkje berre til lutefiskmiddagar, men også til andre matrettar som pannekaker og potetball.

Ole A. Ringdal er sjølvsagt strålande nøgd med at bedrifta på nytt har henta heim ein topplass frå den kvasse konkurransen som NM i kjøttvarer er.
– Gullet er eit resultat av gode råvarer og godt handtverk av dyktige tilsette. Dei yter alltid sitt beste for bedrifta og for gode produkt, rosar han.

”Gullvara” frå Ole Ringdal a/s er laga av svinekjøt, salta, røykt og kutta i terningar. Ole Ringdal a/s produserer over 100.000 pakningar baconteringar i året.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380