Haustkonsert med Sunnylven skulekorps.

Trond Otto Berg er dirigent for korpset og instruerer dei to juniorane Sigrid Imilie og Matti.

Trond Otto Berg er dirigent for korpset og instruerer dei to juniorane Sigrid Imilie og Matti.

Mange kom til Sunnylven skulekorps sin konsert på Sunnylven samfunnshus sist fredag. Musikantar og dirigent bekrefta at dei musikalsk er i rute til ein travel julemånad.

Neste år rundar Sunnylven skulekorps 45 år. Det fortener ei lita markering, meiner leiar i styret Gunnhild Kvam.

-Skulekorpset har vore ein institusjon og ein kulturfaktor i bygda, men det er ikkje ein sjølvsagt ting at vi har eit korps. Her er stor aktivitet og mange tilbod til dei unge, og i haust har også korpset merka konkurransen og mista fleire dyktige musikantar. Dei har valt å satse på fotball, skiskyting eller langrenn.

Sunnylven skulekorps har framleis 18 ”storblåsarar” som trakterer kornett, althorn, bratsj, trombone, tuba og trommer. To juniorar øver på kornett og vil om litt vere klare for opprykk til hovedkorpset, trur Gunnhild Kvam.

Kulturskulerektor Trond Otto Berg er dirigent for korpset.
Korpset starta opp etter sommaren i august med øvingar kvar fredag. Fyrste opptreden i haust var kafekonsert på Sunnylven samfunnshus. Mange møtte fram og fekk seg servert både flott korpsmusikk, kaffi og kaker. På repertoaret stod populærmusikk av både Rolf Løvland og Abba, det var musikk frå ei plate som Frelsesarmeen har gjeve ut og eit nyare verk kalla ”Bøn”.
Også dei to juniorane bidrog musikals til ein flott konsert og stadfesta at rekrutteringa er i orden.

Sunnylvingar og andre har mykje å glede seg til saman med Sunnylven skulekorps i tida framover. No blir det øvingar med julemusikk på programmet for om få veker er det julegrantenning, julekonsert i Sunnylven kyrkje og nissespeling på Hellesylt like inn under jul.

Frå korpsrekkene i Sunnylven skulekorps

Frå korpsrekkene i Sunnylven skulekorpsskulekor

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380