Lokalnytt

Ikkje støyping på Geitfjellet

På Geitfjellet.
På Geitfjellet.

Veret sette ein stoppar for planane med frakt av betong og støyping av fundament for ny straumforsyning på Geitfjellet tysdag. Når det kan skje er veret som avgjer.

Åknes/Tafjord Beredskap er bedne av Direct Connect om å hjelpe for å få til ei sikker straumforsyning til internettsendaren på Geitfjellet. Direct Connect eig framleis utstyret og har ansvar for drifta av sendaren, seier Tore Bergeng i Åknes/Tafjord.
Så snart veret tillet det blir støypearbeidet utført og ny, sikker straumforsyning montert.
Åknes/Tafjord Beredskap har etter kvart lang erfaring med å sikre energitilførsle til annlegg høgt til fjells.

Men for å arbeide på det vel 1600 meter høge Geitfjellet er ein avhengig av brukbart ver, så når Direct Connect får i drift internettsendaren igjen er på det uvisse.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380