Innsteg i eit heimebakeri

Bakedamene i Nibbedalen jobba effektivt. Frå venstre Annfrid Sæter, Annbjørg Fivelstad og Åse Sæter.

Bakedamene i Nibbedalen jobba effektivt. Frå venstre Annfrid Sæter, Annbjørg Fivelstad og Åse Sæter.

Måndag gjorde vi innsteg hos bakedamene i Nibbedalen i Sunnylven. Der vaks stablane av lefser og flattbrød fort.
Kjevla rulla att og fram og bakemjølet hadde farga både ansikt og kleda kvite på dei tre bakedamene. Annfrid, Åse og Annbjørg har spesialisert seg på baking av lefser og flatbrød, ein hobby dei har hatt i mange år etter at tingingane av ferdige bakevarer starta å strøymt på. Det har nesten blitt til full jobb no føre jul, seier dei.

Glutenfritt
Denne dagen var Annbjørg og Åse komne for å bake på kjøkkenet til Annfrid, både til sal på julemessa på Hellesylt og til andre.
Til vanleg har dei bakeriet sitt i kjellaren til Eline Fivelstad, men då det skulle bakast glutenfritt måtte alt vere heilt reint for vanleg kveitemjøl, så difor var det ny stad å bake på.
-Glutenfritt var litt vanskelegare å bake, fekk vi oss fortalt. Leivane ville så lett rivne, noko som hadde med kveitemjølet å gjere utan at vi gjekk nærmare i detalj.

God rådgjevar
Baking har dei halde på med i mange år og dei starta i oktober med samlingar tre gonger i veka.
-Vi bakar ikkje lange dagar, for Annbjørg har stor fjøs som ho må jobbe litt i kveld og morgon, seier Annfrid.
Julebaksten frå Nibbedalen har fått ry på seg å vere god. Vi spurde dei kvar dei hadde fått oppskrifta til bakverket. Den hadde dei lært av Eline, ei god, gamal oppskrift frå Nibbedalen.
-Eline har vore ein god rådgjevar og hjelpar. Om nokon av oss er forhindra frå å bake ein dag, stiller Eline opp og hjelper med å kjevle ut emna, kokar kaffi eller tek eit tak i oppryddinga etter at vi har rota forferdeleg, fortel Annfrid.

Ferdig til servering
Til julemessa på Hellesylt har bakedamene med mykje varer, både lefser og flatbrød.
Lefsene er ferdig for servering, smurde med sukker og smør og med fem i kvar pakke.
-Enkelte vil ha melis og kanel som fyll, og det får dei. Vi leverer på bestilling det kjøparane vil ha.

Det ser lett ut når Annbjørg og Åse set i gong og kjevlar ut emna, før Annfrid kjem med steikespaden og flytter bakverket over på takka for steiking. Det har blitt rutine det heile etter at fleire hundre deigemner har blitt prima vare til mange kjøparar.

Nye hobbyar
-Det meste går an å lære seg, og bakinga er ein flott hobby, veldig sosialt og kjekt og det kortar inn vintertida mykje.
Og etter jul då skal vi strikke og sy bunad, får vi oss fortalt før vi tømer kaffikrusa og ynskje Åse Sæter, Annfrid Sæter og Annbjørg Fivelstad lukke til vidare med julebaksten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380