Lokalnytt

Julemesse på Hellesylt

Frå julemessa på Sunnylven samfunnshus i 2012.
Frå julemessa på Sunnylven samfunnshus i 2012.

Laurdag 30. november blir det julemesse på Hellesylt. Då blir Sunnylven samfunnshus stort kjøpesenter med variert vareutval.

For sjette år på rad blir det skipa til julemesse på Hellesylt med Sunnylven skulekorps, Sunnylven Bygdekvinnelag og Hellesylt Næringslag som arrangørar.
Tre veker før messeopning har arrangøren fått påmelding frå seks, sju deltakarar, men vi har plass og reknar med minst dobbelt så mange, seier Heidi Hauge. Ho tek mot tingingar av stand på tlf. 901 77 057.

Julemessa på Hellesylt har alltid hatt eit variert utbud av varer og slik vil det bli i år også trur Heidi Hauge. Ho ramsar fort opp produkt som ho trur blir å finne, blomsterdekorasjonar, heimebakst, kjøtt- og fiskeprodukt, julenek, hekla produkt, trearbeid, poteter og grønnsaker og mykje anna.

Det blir garantert ei julemesse som er vert eit besøk, seier ho og lovar sal av risengrynsgraut, kaffi og kaker under opningstida frå kl. 11.00 til 16.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380