Lokalnytt

Pensjonistar i triveleg lag

doc_3793_2

Mange fann vegen til Sunnylven kyrkjelydshus onsdag og til ei triveleg førjulssamling i Sunnylven Pensjonistlag med godt prat, underhaldning og god servering.

Frå eit matrikt langbord kunne innbedne og 55 medlemer forsyne seg dugeleg då Sunnylven Pensjonistlag inviterte til sitt årlege julebord. Og som tidlegare år var alle go`sakene på plass på julebordet til pensjonistlaget også denne gongen.
Den velsmakande maten var i hovedsak lokalt produserte varer der både pinnekjøtt, ribbe, julepølse, poteter, surkål og kålrotstappe var på plass.
Til slutt vart det sett fram dessert og kaffi.

Tre unge jenter, Emilie Brekke, Maria Langeland og Ingeborg Langeland stod for fyrste programinnslag der dei framførte fleire songar, mellom anna,”Gjev meg handa di ven”, ”La lyset skinne” og ”Tir`na Noir”.
Sokneprest Stein Karstensen har jobba mange år som sjømannsprest i Brasil. Under pensjonistfesten tok han forsamlinga med på ei reise i ord og lysbilder til Brasil, det store landet i sør-Amerika og byane Santos og Rio de Janeiro.
Karstensen røpa at han alltid har hatt lyst til å reise, så då jobben som sjømannsprest dukka opp, melde han seg til teneste. Jobben fekk han og saman med kona var dei ute i fleire år.

Stein Karstensen er no sokneprest i Sunnylven og Geiranger.
-No er eg her og her skal eg bli, la Karstensen til. Inntil vidare pendlar han mellom Fosnavåg og Hellesylt medan huset på prestegarden blir sett i stand. Han vona å kunne flytte inn der kring 15. desember.

Sunnylven Pensjonistlag har kring 70 medlemer. Laget har flatt styre, utan vald leiar. Jan Erik Øksvang var god festleiar under julemøtet på kyrkjelydshuset, det siste medlemsmøtet i år.

 

På julebordet til pensjonistlaget var alt av god julemat.
På julebordet til pensjonistlaget var alt av god julemat.
Frå venstre; Emilie, Maria, Ingeborg.
Frå venstre; Emilie, Maria, Ingeborg.
Sokneprest Stein Karstensen fortalde frå tida som sjømannsprest i Brasil.
Sokneprest Stein Karstensen fortalde frå tida som sjømannsprest i Brasil.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380