Pinnekjøt frå Ole Ringdal a/s går unna

Avdelingsleiar for spekemat, Vidar Even Leite med ei ferdig pinnekjøtside, eitt av dei store salsprodukta no før jul.

Avdelingsleiar for spekemat, Vidar Even Leite med ei ferdig pinnekjøtside, eitt av dei store salsprodukta no før jul.

Ved Ole Ringdal a/s på Hellesylt går produksjonen av kjøttvarer og alle variantar julemat for fullt. Pinnekjøt blir ein storslager også i år.
Ved hjørnesteinsbedrifta Ole Ringdal a/s på Hellesylt blir det produsert fleire hundre ulike varesortar gjennom året, men no før jul utgjer pinnekjøtet ein betydeleg del.
Meir enn hundre tonn skal ut frå bedrifta før jul. Det stadfestar dagleg leiar Ole A. Ringdal.

-Det går unna og kjøparane er over heile landet. Alt blir laga av norske råvarer og det skal vi halde fram med, for eg vil påstå at norsk lammekjøt er i verdensklasse. Du ser sauer og lam beite i grøn, frodig natur. Med kort inntransport til anlegget må det bli gode varer, ikkje minst på grunn av at bearbeidinga blir gjort av dyktige tilsette i eit moderande anlegg, seier Ole A. Ringdal.

Dagleg leiar vil ikkje ut med kor store mengder pinnekjøt som blir produsert ved anlegget på Hellesylt, men seier det er over hundre tonn. Det går til stort sett alle daglegvarekjeder, og til restaurantar, hotell og sjukeheimar.

Det meste av pinnekjøtet blir selt urøykt, men i år har også røykt gått meir av enn tidlegare. Produktet utgjer ein betydeleg del av omsetninga til bedrifta som ligg på kring 160 mill. kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380