LokalnyttLokalsport

Rekordoppslutning om fjelltrimmen

Bjørn Hallgeir Rusten vart "stortrimmar "også i 2013. Wenche Ringdal hadde også vore innom alle postane. Hege Ringdal og Emilie Brekke var mellom dei unge med mest poeng.
Bjørn Hallgeir Rusten vart «stortrimmar «også i 2013. Wenche Ringdal hadde også vore innom alle postane. Hege Ringdal og Emilie Brekke var mellom dei unge med mest poeng.

Friidrett /trimgruppa i Sunnylven IL hadde rekordstor oppslutnad om fjelltrimmen i år. Søndag var det premiefest.

Ved dei 25 trimpostane var det 11300 registreringar i 2013. Det var ny rekord og ein auke på 7.55 prosent frå året før, opplyste leiar i friidrett/trim, Rune Hole.

Nær halvparten av alle som leverte trimskjema, 26 born og 44 vaksne var innom alle postane i løpet av året, 10 born og 22 vaksne. Postane har poengskår frå tre poeng i nærområdet til 20 poeng for ein tur til den vel 1300 meter høge Nokkenibba.

Største poengsankar siste året var som i fjor Bjørn Hallgeir Rusten. Han fekk registrert 1579 poeng.
På dei neste plassane kom Ruth Hole Aaland 704, Gisle Aaland 614, Wenche Ringdal 584.

Desse fekk premiar under samlinga på Sunnylven samfunnshus
Born alle postar:
Maria Norangshol Gåvekort G-Sport 400,-
Born 10 postar eller meir:
Ane Brenne Ringdal Gåvekort G-Sport 400,-
Alle som har levert skjema:
Kasper Ringdal Gåvekort G-Sport 200,-
Vaksne alle postar:
Wenche Ringdal Gåvekort G-Sport 400,-
Vaksne 10 postar eller meir:
Oddbjørg Stadheim Gåvekort G-Sport 400,-
Alle som har levert skjema:
Kristen Ringdal Gåvekort G-Sport 200,-
Gåvekort, alle som har levert skjema: Fenalår gjeve av Ole Ringdal a/s: Ingrid Julie Hole.
Sekk gjeve av Møre Trygd: Daniel Sæter.

Ved Coop Marked på Hellesylt kan ein no kjøpe trimskjema for 2014.

-

 

Maria Norangshol besøkte alle trimpostane og fekk seg gåvekort frå G-sport. Til venstre Inger Ringdal Sæter.
Maria Norangshol besøkte alle trimpostane og fekk seg gåvekort frå G-sport. Til venstre Inger Ringdal Sæter.tr

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380