Lokalnytt

Rekordstor julemesse

Frå julemessa på Hellesylt i 2012.
Frå julemessa på Hellesylt i 2012.

Interessa for å delta på julemesse på Hellesylt er stor. Heile 21. deltakarar med eit variert vareutval har meldt seg på, opplyser arrangøren.
Julemessa på Hellesylt laurdag har rekordstor deltaking. Den siste veka har nye kome til så Heidi Hauge hos arrangøren kan melde at 21. utbydarar av bedrifter, skuleklasser og andre som driv heimeindustri stiller og har eit variert utval av varer å tilby.
-Sjølv om deltakinga er rekordstor skal alle få gode plassar. Vi fyller opp den store salen i Sunnylven samfunnshus og brukar andre rom i tilknyting til salen om vi må, seier Heidi Hauge.

Det er Sunnylven skulekorps, Sunnylven Bygdekvinnelag og Hellesylt Næringslag som står bak julemessa på Hellesylt som har opningstid mellom kl. 11.00 og 16.00, og med sal av risengrynsgraut, kaffi og kaker.

Desse har meldt seg på:
Gardskjøkkenet, lakseprodukt
9. klasse, opptenningsbrikettar
Rigmor Røyr, strandabakelse
Bente Bonsaksen, skinn
Stranda blomster, blomster
Hole kjøtt, matvarer
Turid Skogly, strikk/skinn
9. klasse Madelen, julekort
8. klasse, julebakst
8. 9. og 10. klasse, Cup cakes
Olene, skjærefjøl og nøkkelringar
Dina Kolås, Ørsta, Ullbilder
Annbjørg, Åse og Annfrid, lefser, flatbrød
Jorunn og Herman Emdal, strikk/tre
-Ein selgar, sild
Reidun K. Wågen TupperWare
Eivind Helset Foto
Johanne Elevbedrift
Synnøve Ringdal Design vesker
Astrid Langeland Eldar Parr
Hermann Emdal Tre og strikk

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380