Skadar etter jordskred i Sunnylven.

doc_3790_2

Uveret ”Hilde” kom med store mengder regn som førte til jordras og store skader på sætrevegar og dyrkamark i Sunnylven.

Eit stort jordras på Slettene ved Tronstad gjekk natt til laurdag. Her vart det gjort store skader på skog, utmarksgard, kanalar vart fylte med jord og stein, og ikkje minst var 30 dekar fulldyrka jord nedfløymt av jord, stein og store tre. Det er bruket til Jo Endre Frøysadal som er råke og han er litt fortvila.
-Sist vinter hadde vi nær hundre prosent overvintringsskade på enga, no når ny grasrot har teke til å spire får vi skadar av jordras.

Ventar på skadeerstatning
I Moldskreddalen gjekk det to store vassdemmer og jordskred sist helg. Også i Holedalen kom det store nedbørsmengder så vegane i dei to setredalane er ikkje køyrande.
Sist vinter førte store nedbørsmengder og flaum til betydelege skader på dei to setrevegane. Etter at det var halde skadetakst vart begge utbetra til køyrbar stand sist sommar, men oppgjør frå naturskadefondet let vente på seg.
No er begge vegane rasert av naturkrefter igjen.

Store skadar igjen
I Moldskreddalen har det gått eit stort jord og steinras, 10 – 15 meter brett og opp i 3 til 4 meter høgt. I tillegg ein god del småskadar gjennom heile dalen, fortel Rune Tryggestad. Ein bil står på stølen i Moldskreddalen og kjem ikkje der i frå før vegen er utbetra. Arbeide med det startar på måndag, seier Tryggestad.

Også vegen i Holedalen har fått betydelege skader og vegen er ikkje køyrande før desse blir utbetra.

Det var dei store nedbørsmengdene som gjorde skade denne gongen, men sterke vindkast reiv laus reklameplakatar og ”knuste” eit mål på Hellesylt stadion.

 

Ras i Moldskreddalen, (Foto: Lars O. Fivelstad)

Ras i Moldskreddalen, (Foto: Lars O. Fivelstad)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380