Lokalsport

Spelar fotball i lag

Sunnylven og Stranda sine fotballag på seniornivå held fram det gode og tette samarbeidet også i 2014.
Stranda Fotball melder i dag at klubbane Sunnylven IL Fotball og Stranda IL Fotball held fram samarbeidet for damelaget Sunnylven/Stranda i 3. div. og for herrelaget Sunnylven/Stranda2 som neste sesong spelar i 6. div.
Nettstaden til Stranda Fotball skriv at Sunnmøre Fotballkrets har godkjent søknaden frå dei to klubbane, eit vedtak vi synest er svært positivt.

Alt blir som i 2013-sesongen angåande namn på laga, speledrakter og baner for heimekampar. Kven som skal trene damelaget og herrelaget seier meldinga innen ting om.
Men alle fotballinteresserte i Sunnylven kan alt no starte å gle seg til neste sesong, det blir mange og spanande oppgjør på Hellesylt stadion.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380