Støttekonsert fylte kulturhuset
Storfjord kulturhus var neste fylt til siste stol då initiativrike privatpersonar i samarbeid med Stranda Røde Kors, Kirkens Nødhjelp og Storfjord kulturhus arrangerte støttekonsert for tyfonråka på Fillipinane.
Det beste av lokale kulturkrefter var samla i Storfjord kulturhus laurdag, og publikum møtte mannsterkt opp. Saka som stod i fokus var økonomisk støtte til hjelpearbeidet etter katastrofa som råka Fillipinane for kring to veker sidan. Tyfonen som herja landet har øydelagt det meste for fleire million menneske.
Ein av initiativtakarane til støttekonserten, kulturskulerektor Trond Otto Berg trudde, uten å ha full oversikt enno, at hjelpesummen ville kome på kring 100.000.- kroner. I tillegg til arrangementet i kulturhuset der det også var sal av filipinsk mat, hadde det kome inn betydelege beløp både frå bankar og bedrifter. Eit spontant tiltak ved Ringstad skule på Stranda med sal av mat i lunchpausen resulterte i eit netto beløp på nær 20.000.- som representantar for skulen overrekt under konserten.
Saman med andre medhjelparar hadde Trond Otto Berg samla det beste av lokale song og musikkrefter frå indre Storfjord-området. Det vart nær tre timar til glede, men også til ettertanke for fleire hundre i kulturhuset.
Konserten vart avslutta med alle aktørane på scena i ”What a Wonderful World”.
Dei fleste bygdelaga kring Storfjorden var representert med programinnslag.
For å nemne kort fekk publikum høyre Sunnylven skulekorps og ungdomskoret Joyful, rockebandet Endgame, Maiken Solheim og Iris Ramona Liset frå Stranda, Kristin Storstein, Sunnylven, Karianne Vikene og Håkon Myklebust frå Valldal, og ikkje minst vinnar av Norske talent 2012, Stine Hole Ulla frå Sykkylven.
I tillegg tok Trond Otto Berg del både som dirigent og musikar, saman med konsertbandet med Gunnar Bjelland, piano, Morgan Pedersen gitar, Håvard Eliassen slagverk og Jonatan Uranes på bass.
Dyktig konsertvert var ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad.