Lokalnytt

Stranda Energi kablar høgspentlinje

Det er Stranda Anlegsservice som han hatt arbeidet med å grave ned høgspentkabelen. Frå venstre Erling Furset, John Olav Emdal, Claus Ous.
Det er Stranda Anlegsservice som han hatt arbeidet med å grave ned høgspentkabelen. Frå venstre Erling Furset, John Olav Emdal, Claus Ous.

I Sunnylven har Stranda Energi jobba med å kable deler av høgspentlinja mot Bygda. I grøfta blir det også lagt røyr for fiberkabel.
I haust måtte Stranda Energi forsterke høgspentlinja i samband med at eit gardsbruk på Stadheim hadde behov for meir energi, fortel nettsjef Terje Årdal.
-Då vedtok vi å halde fram med å kable linja mot Bygda. Vi hadde mykje kabel på lager som var tenkt til å forsterke høgspentlinja mellom Sve og Helstad i Strandadalen. Tanken var å legge den i samband med graving for gatelys og gangveg i området.
Men då planane for dette ikkje var klare bestemte vi oss for å nytte den innkjøpte kabelen i Sunnylven i staden, fortel Årdal.

-Vi har planlagt å kable frå Sanden, området ved HT Bygg på Hellesylt og oppover. Til no er det kabla kring 1500 meter frå Stadheimfossen Camping til Kjellsmyra i Steimsåsane. Vi kablar det som er gravbart terreng i haust, men på Kjellsmyra møter vi fjell så då avsluttar vi der i denne omgang.
Som kjent har det vore snakk om fleire kraftverkprosjekt i Bygda så planen er å kable heilt til Frøysa, seier Terje Årdal.
Høgspentlinja til Bygda er framleis i bra stand, men skulle der kome ei kraftutbygging måtte det ei forstering til, seier han.

Det er Stranda Anleggsservice som har hatt jobben med graving og legging av kabel. Arbeidet har gått som planlagt, nesten utan å møte fjell, fortel tilsette i firmaet.
Kabelgrøfta er på ein meter djup, og her blir kabel og trekkerøyr for fiberkabel lagt i sand og markert med plastbord og plastband over. Det blir gjort skikkeleg arbeid, garanterer karane i Stranda Anleggsservice.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380