Åt graut med nissen

I den gamle låven i Hellesylt Bygdetun dukkar ein nisse og familien hans opp kvart år like før jul. Måndag skjedde det igjen.
Praten har gått på bygda om at måndag i veka før julaftan kunne alle kome på fest og servering av risgraut hos nissefamilien i Bygdetunet.
Dagen kom og mange tok turen i håp om at rykta var sanne. Inne på låven venta unge og eldre i spaning, men det mørkna og tida gjekk. Ingen nisse var å sjå, var det berre ei skrøne eller kanskje skulle det prøvast med ein song til nissen, var det nokon som foreslo.
Det vart gjort og over 50 forventningsfulle stemte i med ”På låven sitter nissen”.
Fyrst på slutten av det tredje verset banka det hardt på låvedøra. Og der kom nissefar i sin finaste stas og med stav i handa.
Det spredde seg både glede og frykt med det same, men snart viste det seg at dette var ein snill og leiken nisse.
Dei mange frammøtte venta no på å få smake risgrauten som var lova, men kvar var grauten? Ein større leiteaksjon vart sett i gong på låven og etter litt vart ei stor grautgryte funne i høystålet. Då skulle alt vere klart for nissemor til å starte med å ause opp grauten, trudde alle.
Men kva skulle ho ause med, kvar var grautausa.
Ny leiteaksjon starta, det var lenge sidan sist den var brukt, men etter ei stund vart også grautausa funnen.
Det var utruleg god graut som vart servert på låven i Bygdetunet denne kvelden. Sukker, kanel, ein smørklatt og eit dryss rosiner gjorde måltidet ekstra velsmakande.
Og sjølvsagt hadde matmor både saft og julegløgg å by på.
Over 50 porsjonar vart ausa opp. Alle fekk, men då var der berre ein porsjon igjen i gryta.
Etter det gode måltidet måtte nissefar slappe av i høystålet og der fekk han mange rundt seg. Det var eit populært møte med nissen som enda opp med meir song og gitarspel.
Møtet med nissefamilien i Bygdetunet var kjekt. Måtte dei halde seg friske og raske og behalde sitt gode humør i mange år. Det var nok det store ønske frå alle etter grautfesten på låven.