Ein gild julekonserten

Julekonserten med lokale song og musikkrefter i Sunnylven gleda mange seg til. Søndag kom høgdepunkta på rekke og rad.
Forventningane til den tradisjonelle julekonserten i Sunnylven kyrkje med lokale aktørar er alltid store. Svært mange kom til kyrkja søndag kveld, det vart tett mellom unge og eldre i kyrkjebenkane. Og det vart ein kveldstime med vakker song og musikk der julestemninga for alvor vart kveikt.
Vi har alltid brukt trauste, rosande orda om julekonserten i Sunnylven. Dei supperlativa kan vi med rette gjenta i år. Vi blir litt rørt, imponert og begeistra over at ein julekonsert med amatørar frå ei lita bygd har så mykje kvalitet i seg. Soknerådsleiar Stig Tryggestad sa det slik då han takka aktørane for konserten og delte ut blomster til leiarane.
-Vi skal vere stolte av ein så flott julekonsert. Der er mange større bygder som ikkje maktar det bygda vår får til.
Men utan dyktige leiarar hadde det ikkje blitt ein konsert som gleda alle. Tryggestad delte ut blomster til fleire som har stått på, Gunnar Inge Eide, Trond Otto Berg, Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim, Synnøve Hjellbakk Hole, Erik Torset og sokneprest Stein Bernhard Karstensen.
På spørsmål sa kulturskulelærar Gunnar Inge Eide seg godt nøgd med gjennomføringa av konserten. Rektor Trond Otto Berg slo like godt fast at julekonserten i Sunnylven var det musikalske høgdepunktet kvart år.
Sunnylven skulekorps med dirigent Trond Otto Berg opna den flotte julekonserten og sette standard frå fyrste tone. Det var ein fryd å høyre dei unge aktørar nok ein gong framføre fire juleinspirerte melodiar; ”Sonjas song til julestjernen”, ”Vi tenner våre lykter”, ”Romjulsdrøm” og i engelsk trad, ” Away in a manger”.
Deretter var det elevar frå kulturskulen sin tur. I duett song Maria Langeland og Veronica Øksvang ”En stjerne skinner i natt” med tonefølge frå Olene Lade og Ingeborg Langeland på tangentinstrument. Eit vakkert innslag.
Ungdomskoret Joyful har fått mykje rosande omtale og er med under arrangement stadig vekk. Og ein julekonsert utan det songglade koret er utenkjeleg. Søndag ståla aktørane og korsolistar som alltid i framføring av fleire songar, akkompagnert av Gunnar Inge Eide piano og Erik Torset gitar.
Fast innslag under julekonserten i Sunnylven kyrkje er Felegruppa, leia av Synnøve Hjellbakk Hole. Dei tel mange og er unge, men kjekt å høyre på og viser mangfaldet som julekonserten har. Søndag vart det tre melodiar, ”I en nett”, ”En stjerne skinner i natt”, og Himlen i min famn” nokre med komp frå piano og gitar.
Nytt i årets konsert var dei to siste innslaga, fyrst med Ingelin Storstein Hole, Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein i ”Vær hilset mine frender”, Sigvart Dagsland si overseting til Norsk. Mange hadde nok lika å høyre fleire songar frå desse tre.
Deretter fekk publikum møte Hellesylt damekor for fyrste gong, eit kor med utgangspunkt i Hellesylt songlag. Ei positiv erstatning for ”prosjektkoret” som det ikkje lukkast å få til denne gongen. Kristin Storstein var solist i ”Kviskre ei bøn”, Ingelin Storstein Hole i ”Go, tell it on the mountain” og Oddbjørg Stadhein i ”Stille natt”.
Julekonserten vart avslutta med ”Deilig er jorden” som allsong med tonefølge frå Sunnylven skulekorps.




