Fekk gullklokka for tretti år
Under julebordarrangementet til Ole Ringdal a/s på Peer Gynt Galleriet sist laurdag fekk to tilsette overrekt bedrifta si gullklokke og Norges Vel`s medalje med diplom for lang og tru teneste.
Kristi Ringdal og Per Kjell Leite har begge jobba ved Ole Ringda a/s på Hellesylt frå 1983.
Under julebordsamlinga for alle tilsette vart dei to heidra med gullklokke og Norges Vel`s medalje med diplom, overrekt av administrerande direktør Kristen Ringdal.
I tretti år har dei hatt sin faste arbeidsplass og vore ein ressurs for bedrifta, sa Ringdal. Han hadde berre rosande ord om dei to i samband med overrekkinga.
Per Kjell Leite starta i jobben i 1983 med å sortere og pakke ull. Kanskje var det der han bestemte seg for å satsa på saunæringa og bli ein av dei store sauebøndene i Sunnylven, sa Ringdal.
I åra etter har Per Kjell Leite følgd produksjonslinja gjennom skjærehallen og til ferdigproduksjonen av varer.
Ein dyktig og kjekk kar som alltid har gjort sitt beste for bedrifta, slo Kristen Ringdal fast.
Den andre heidersgjesten kjente administrerande direktør godt. Han og Kristi Ringdal har vore ektemakar i snart 50 år, og han var tydeleg glad for å kunne dele ut heider også til ein av sine næraste.
-Av og til må ein få vere litt personleg. Kristi starta som vaskehjelp ved bedrifta, men seinare har jobben hennar vore å finne i pakkeriet. Eg er glad for at reglar tillet å dele ut heidersbevis også til medeigarar. Kristi har alltid stått på, ho har jobba trufast og vore ein god støttespelar for bedrifta, og ho har alltid hatt mat til meg når eg har kome heim, la administrerande direktør Kristen Ringdal til med eit smil.
Dei to takka så mykje for heideren dei vart tildelt.
Per Kjell Leite mintes korleis det heile starta. Han var i Hyttehola og skulle skyte opp til hjorteprøve. Der møtte han Kristen Ringdal som spurde om han ville jobbe ved slakteribedrifta, og Leite takka ja.
Han skulle jobbe på prøve i seks veker og starta på jobben 21. september. Det enda med tretti år til no.
-Det har vore ein triveleg arbeidsplass og der eg har fått møte mange gode arbeidskollegaer, sa Per Kjell Leite, før han slo til med denne limerikken:
”No står eg her med medalje og kløkke,
føle med som ein viss herr Røkke.
Etter 30 år med ku og får,
stor takk til Kristen, Ole og alle døkke”.