Flott minikonsert med korpset
Den rette julestemninga kom til Hellesylt laurdag då ”nissekorpset” dukka opp på dei to foretningane med minikonsert og kjende julesongar.
Etter nye øvingar og eit måltid med risgraut med mandel i dukka eit nær fulltallig Sunnylven skulekorps opp med noteark og instrument, fyrst ved Coop og deretter ved Joker. Det var klart for den etter kvart årvisse minikonserten før jul i Hellesylt sentrum.
Atten korpsmedlemer og dirigent Trond Otto Berg hadde leita fram nisseinspirerte klede og med eit repertoar fullt av julesongar vart det ei triveleg og stemningsfull oppleving for dei mange som stoppa opp for å høyre på.
Publikum svinga og klappa med i mange av melodiane, i ”Bjelleklang”, ”O jul med din glede” og fleire.
Ein flott tradisjon som må leve vidare.