Fullsett kyrkje på julaftan

Mange kom til Sunnylven kyrkje og julegudsteneste tysdag. Ei høgtidssam stund for fastbuande og heimvende julegjestar.
Etter at kyrkjeklokka hadde kalla til gudsteneste opna Sunnylven skulekorps med vakre tonar til allsong i ”Glade jul”. Julestemninga var kveikt hos alle i ei nær fullsett kyrkje.
Også julaftan fekk dei frammøtte høyre ungdomskoret Joyful, ein korressurs som få andre bygder har. Koret var ikkje fulltallig, men dei to songane gleda.
Sokneprest Stein Karstensen las juleevangeliet og heldt preika. Ann Kristin Langeland hjelpte til med tekstlesing og ved kyrkjeorgelet sat unge Lars Kvam Karbø og serverte dei rette tonane til mange kjende og kjære julesongar.
Julegudstenesta i Sunnylven kyrkje vart som alltid ei høgtidsstund, ein time i glede og ettertanke som vart avslutta med allsong i ”Deilig er jorden”.