18. juli 2026

Heidra berebjelkar i laget

Jørgen Helset til venstre fekk trofeet som Årets spelar. Ole Arnstein Ringdal kunne som fjerde spelar bekle seg med trøya for 500 kampar for Sunnylven.
Jørgen Helset til venstre fekk trofeet som Årets spelar. Ole Arnstein Ringdal kunne som fjerde spelar bekle seg med trøya for 500 kampar for Sunnylven.

Prisen som Årets spelar i Sunnylven Fotball herrer gjekk i år til Jørgen Helset. Ei anna høgthengande utmerking, trøya for 500 kampar for Sunnylven gjekk til Ole Arnstein Ringdal.

I november samla Stranda Fotball og Sunnylven Fotball seg til felles fotballfest på Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Historisk og for fyrste gong var det spleising mellom dei to naboklubbane til servering, premiedryss og moro.
Gjeve prisar
Sunnylven og Stranda har hatt samarbeidslag i damefotball dei to siste sesongane, og i 2013 vart samarbeidet utvida til å gjelde også 5. divisjonslaget for herrer.
Under fotballfesten vart det delt ut fleire prisar til spelarar på fleire lag. Jørgen Helset og Ole Arnstein Ringdal fekk to av dei gjevaste og vi samla dei til ein liten førjulsprat.

Jørgen Helset vart årets spelar på Sunnylven sitt 5. divisjonslag, ein pris han har motteke ein gong tidlegare.
Jørgen har spela fotball på seniornivå i meir enn 20 år. Han går på ein ny sesong, for det skal bli fleire kampar enn dei rundt 300 har han spela for Sunnylven. Borte frå bygda har har vore innom Stranda eit par sesongar, og Trondheims-laget Freidig.

Luftstyrke
Som midtstoppar med stor rekkevidd både på bakken og i lufta har Jørgen frustrert mang ein angrepsspelar og påverka resultatet positivt for laget sitt. Og med sin luftstyrke har han skalla inn fleire mål i motstandaren si ”kasse” i andre enden av bana.
-Vil dei ha mål er det berre å sende meg i angrep, fleipar Jørgen og fortel at det vart heile tre fulltreffarar i ein bortekamp for nokre år tilbake.
Prisen som årets spelar var eit populært val under fotballfesten.

29. sesongar
Som den fjerde på Sunnylven gjennom tidene fekk Ole Arnstein Ringdal den gjeve trøya frå klubben med 500 på. Hans Hole, Arne Storstein og Vidar Even Leite har same trøya i trofèskåpa sine.
Ole Arnstein spela for Stranda ein sesong, i Sunnylven har det blitt 29 til no. Der har det blitt eit halvt tusen kampar, men den allsidige spelaren som har bekledd dei fleste plassar frå mål til angrep sluttar ikkje enno.
–Eg er klar for ein ny sesong, det er kjekt å halde på, samhaldet og det sosiale mellom kjekke medspelarar fristar til å halde fram så lenge helsa og forma held mål, seier han.
At det har blitt mange morosame og spesielle opplevingar opp gjennom åra kan Ole Arnstein fortelje mange historier om. Les berre her kva han kjapt ramsar opp.

Dramatiske oppgjør
Laget hadde kretsrekorden i skåra mål i ein kamp. På 90-talet vann Sunnylven 23-0 mot Hildre etter 5-0 ved pause. I år rauk rekorden då FK Sykkylven slo Åheim 26-0.
I 92 var det seriekamp mot Åheim på Hellesylt stadion. Ole Arnstein og Trond hadde vore på tur til syden, men kom heim til kampen. Dei vart sett på reservebenken i fyrste omgang, der gjestane Åheim leia 3-0 til pause.
-I andre fekk vi kome inn. Trond reduserte og vi skåra nye tre mål og vann 4-3. Så stort og spanade var oppgjøret at ein ankeloperert hiva krykkene og feira sigeren saman med lagkameratane ute på bana.
Ole Arnstein minnest også dramaet då laget spela cupkamp mot Sentrum, leia 7-1 til pause og vann med knappast mogleg margin, 8-7. Då var engasjemanget stort også utanfor sidelinja.

Ny sesong
Jørgen og Ole Arnstein har merka at haldningane til fotball og trening har endra seg dei siste åra. Ikkje så mange ser det som stort å få spele på fyrstelaget til klubben lenger. Sunnylven er ei lita bygd, men dei begge håper at seniorlag i fotball vil leve vidare. Dei to har bestemt seg til å bidra minst ein sesong til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →