Hentar millionverdiar frå skogen
På grusbana på Hellesylt ligg fleire hundre kubikkmeter tømmer frå skogane i Sunnylven. I desember går fyrste båtlast ut frå Hellesylt kai til Tyskland.
I haust blir fleire tusen kubikkmeter granskog avvirka i Sunnylven.
Det var Allskog som skulle utføre arbeidet, men dei trekte se av ukjente årsaker. Då vart det Sogn og Fjordane skogeigarlag og fire mann frå eit firma på Nordfjordeid, utstyrt med moderande skogsmaskiner som fekk jobben.
Skogsvegar
Skogbruket i Sunnylven er ei ung næring, men bygda har store ressursar som nærmar seg hogstmoden skog. Jordsmonnet er av god kvalitet så det er all grunn til å satse på skogbruk og sjå optimistisk på drift her, seier skogbrukssjef for indre Sunnmøre Asle Johan Bergseth Konnerth.
Mykje tømmer i Sunnylven er vanskeleg å nå med store skogsmaskiner. Difor må det byggjast skogsvegar, som på Hellebostad der fem skogeigarar har fått laga ein 600 meter lang skogsbilveg. Det blir gjeve opp til 65 % tilskot til skogsvegar.
Asle Konnerth fortel at tømmeret skal til Tyskland og eit sagbruk i Ismar for vidare behandling, eit stort sagbruk som tek unna ein million kubikkmeter tømmer i året. Kanskje kjem gran frå skogane i Sunnylven tilbake til Hellesylt som byggemateriale.
Skur og skurslip
Etter orkanen Dagmar i romjula 2011 gjekk mykje skog over ende. Fleire plantefelt i Sunnylven var uframkomelege av tre som låg på kryss og tvers. Dei som ikkje hadde forsikra skogen forventa store tap. Mange trudde at stormfelt skog var ubrukeleg til skurtømmer og måtte gå til oppmaling og lavare pris. Så gale gjekk det ikkje.
Barskog som er velta, men er grøn og har rotkontakt går til sku og skurslip, fortel skogbruksleiar Peder Magnussen.
Det aller meste som blir hogge i Sunnylven i haust er av god kvalitet og vil oppnå pris på 380.- kroner kubikkmeter. Ein del går til oppmaling så Magnussen reknar at snittprisen for tømmervirket vil ligge på rundt 300.- kroner. I fråtrekk går kostnader med hogging og uttransport.
Rimeleg å forsikre
Med eit totalt hogstkvantum, kanskje opp mot 2.500 kubikkmeter vil salet utgjere fleire hundre tusen, men samfunnsverdien frå skogsdrifta vil vere fleire million kroner.
Tidleg i desember blir fyrste båtlast skipa ut frå Hellesylt kai. Peder Magnussen er glad for at ein kan nytte Hellesylt kai til utfrakt. Alternativet var å køyre fem mil til Faleide i Stryn. Han anbefalar skogeigarar å forsikre skogen sin, for forsikringspremien er svært rimeleg.
Vestlandsgran er sterk
Mange har hevda et Vestlandsgrana er ubrukeleg som byggemateriale. Det er feil, for etter nye rapportar som er komne er den betre enn sitt rykte, seier skogbruksleiaren. Undersøkinga viser at gran som veks på Vestlandet har mindre og tynnare greiner og gjer den like sterk og bra som frå andre deler av landet.
Historisk
Utskiping av tømmer frå Hellesylt kai er historisk. Det er fyrste gong kaia blir nytta til dette, men forhåpentleg vis ikkje siste.
Hellesylt kai stod klar til bruk for cruisetrafikk i 2012 med fyrste anløp 17. mai. Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal har i samarbeid med Stranda Hamnevesen, engasjert seg for å få kaia komplett slik at den kan nyttast til anna enn passasjertrafikk.
Stranda kommune og Stranda Hamnevesen KF har sendt søknad om støtte til ferdigstilling for fleirbruk, som til dømes utskiping av tømmer.
Næringssjefen ser for seg at Hellesylt kai kan vere til stor nytte i åra som kjem då det er forventa at mykje tømmer vil gå sjøvegen innan 2040.
Håper på fullføring av kaia
Driftssjef i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole fortel at Stranda Hamnevesen var positivt til henvendelsen frå Sogn og Fjordane skogeigarlag om utskiping av tømmer. Økonomien for kaia gjer at den må ha fleire ”bein å stå på”, sjølv om tømmerutskiping ikkje utgjer den heilt store inntekta pr. i dag.
Hole håper at søknaden om statleg støtte kan bidra til ferdigstilling av kaia i ikkje for lang framtid slik at den kan nyttast til lasting og lossing av anna type gods og varer i vinterhalvåret og som passasjerkai om sommaren. Det er imidlertid ein utfordrande kombinasjon som krev nøye planlegging og ikkje minst vedlikehald / reinhald.
Med ny veg og tunnellar mellom Hellesylt og Stranda burde kaia vere høgst aktuell for fleire typer varetransport for eit stort omland. Skal kaia bli fullgod heile året må den uferdige delen utbyggast, seier Hole.
Også ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad håper kaia kan gjerast ferdig. Ikkje minst fordi røyr som er pela ned ikkje er fylte med betong og difor vil ruste. Då kan det fort bli ei vekkasta investering om dei blir ståande slik i mange år, seier ordføraren.