Lokalnytt

Interessant attersyn

Meir enn hundre personar var sessa kring langbord og triveleg julegilde på Peer Gynt Galleriet sist laurdag.
Meir enn hundre personar var sessa kring langbord og triveleg julegilde på Peer Gynt Galleriet sist laurdag.

Ole Ringdal a/s på Hellesylt har runda 75 år. Under julebordsamlinga for tilsette kom dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal med eit historisk attersyn i ord og bilder.

Meir enn hundre personar, både noverande og fleire tidlegare tilsette var samla på Peer Gynt Galleriet til julebord med velsmakande julemeny og triveleg prat sist laurdag
Her presenterte dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal eit attersyn frå produksjon og utbygging.

Slakteri og kjøttvarebedrifta Ole Ringdal a/s vart etablert i 1938, i dag ein ”frisk” og sterk 75-åring. Jubileet har blitt markert med tur til Tyskland i mai for tilsette og ektemakar.

Frå skipingsåret og fram til i dag har Hellesylt sin største arbeidsplass fornya seg mykje, både med utviding av bygningsmasse, utstyr og antall tilsette.
Ole Arnstein Ringdal hadde samla og sett saman eit interessant attersyn i bilder og kommentar under julebordsamlinga for dei frammøtte.

Gjennom mange bilder vart det eit møte med tidlegare tilsette og produksjonsutstyr, korleis det vart jobba og utviklinga opp gjennom åra.
Svært mange har hatt sitt faste arbeid ved Ole Ringdal a/s der det i dag er kring seksti fast tilsette, eit tal som veks til nær nitti i høgsesongar som tida før jul.
-Vi skal vekse opp og fram, vi skal vere ”maskina” på Hellesylt, ein trygg og god arbeidsplass. Vi har levert i 75 år med overskot og det skal vi fortsette med, sa dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.
Ole Ringdal a/s har nye utvidingsplanar på gang alt til våren.

-
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal presenterte utsnitt frå historia til Hellesylt sin største arbeidsplass, Ole Ringdal a/s.
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal presenterte utsnitt frå historia til Hellesylt sin største arbeidsplass, Ole Ringdal a/s.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380