Lokalnytt

Juleavslutning ved Sunnylven skule

Elevar frå fyrste og andre klasse.
Elevar frå fyrste og andre klasse.

Torsdag var det juleavslutning ved Sunnylven skule, ei triveleg kveldsstund med som vanleg gode programinnslag av elevane.

Svært mange hadde sessa seg i storsalen ved skulen då Sunnylven skulekorps opna avslutningsfesten med juletonar frå Glade jul og Bjelleklang.
Rektor Roar Seljeset ønska alle vel møtt og inn i mellom annonsering av programinnslag fortalde han om utbetringar ved skulen og frå aktivitetar som elevane hadde vore med på i haust.

I år var det dei fire yngste klassene som underheldt med program. Fyrst ut på scena var fyrste og andre klasse som har til saman femten elevar.
Det vart både song og fine forteljingar. Spesielt var latter og applaus stor av smånissane sitt livlege innslag med dans.
Tredje og fjerde klasse hadde laga sitt innslag som hyldest til fuglane. Også det ei triveleg forteljing i ord og tonar.
Dei sju i tiande klasse kom med sjølkomponert underhaldning. Her hadde Odin Dyrkorn den største rolla og spela plaga av ein nakkeskade. Avgjort eit talent som HUL-teatret kan få glede av. Også medelevane gjorde suksess og fekk velfortent applaus, ikkje minst Veronica Øksvang med vakker song.

Mange var skuffa over at rehabilitering av Sunnylven skule ikkje hadde kome i gong, sa rektor Roar Seljeset. Han kunne fortelje at det i haust har blitt gjort fleire utbetringar, tetta lekasjar på taket, utbetra varme og ventilasjon, fått reparert og opna toalettavdelinga igjen, og det har blitt montert fire digitale tavler på klasserom. Det går framleis an å drive med skule i bygget, sa han.
Roar Seljeset rosa spesielt foreldra som på dugnad måla alle klasserom til skulestart i haust.

Etter programmet var det folksamt i gong og song kring det flotte grantreet som stod pynta til jul i storsalen. Flott julestemning med elevar frå 8. klasse som forsongarar og med Bjarne Sjåstad på piano.
Til slutt på juleavslutninga var det enkel servering ved FAU.
Skulestart etter nyttår er måndag 6. januar.

Smånissar frå andre klasse hadde øvd inn ein gladans som mora mykje.
Smånissar frå andre klasse hadde øvd inn ein gladans som mora mykje.
Tredje og fjerde klasse med innslag om fuglane.
Tredje og fjerde klasse med innslag om fuglane.
Veronica Øksvang avslutta programmet til tiande klasse med vakker song.
Veronica Øksvang avslutta programmet til tiande klasse med vakker song.
Elevar frå 8. klasse var forsongarar til julesongane.
Elevar frå 8. klasse var forsongarar til julesongane.
Flott julestemning med mange som deltok i gong kring juletreet.
Flott julestemning med mange som deltok i gong kring juletreet.sunn

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380